Hopp til innhald

Fagstoff

Virus

Virus er ikkje celler, men partiklar som består av arvestoff pakka inn i ei proteinkappe. Virus blir ofte karakteriserte som ikkje-levande, sidan dei ikkje kan leve eit uavhengig liv. Dei må kapre andre celler for å formeire seg. Virus forårsakar sjukdommar, men kan òg vere nyttige for oss.
Teikningar av ulike typar virus: bakteriofag, HIV, influensavirus og tobakkmosaikkvirus. Illustrasjonen viser òg kvar i viruset vi finn proteinkappe, protein til feste, arvestoff og enzym.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Virus – død eller levande?

Virus liknar ikkje på nokon organismar vi reknar som levande: Dei tek ikkje inn næring, har ingen metabolisme (stoffskifte), veks ikkje og kan ikkje bevege seg eller formeire seg utan hjelp frå levande celler. Dei kan derimot reagere på omgivnadene.

Når eit virus registrerer kontakt med ei celle, kan det invadere denne vertscella og deretter lure og utnytte ho. Virus kan òg evolvere (utvikle seg) ved å ta opp nytt arvestoff frå vertscellene, og dei er utruleg flinke til å spreie gena sine.

Alle virus er avhengige av ei vertscelle for å kunne formeire seg. Viruset tek kontroll over cella og bruker materialet i cella til å lage kopiar av seg sjølv. Nokre gonger startar produksjonen med det same. Andre gonger kan arvestoffet til viruset «gøyme seg» i vertscella og reaktiverast seinare.

Viruset si oppbygging

Virus er arvestoff omgitt av ei proteinkappe (kapsid) som dannar ein symmetrisk struktur.

Teikninga viser korleis viruset er bygt opp, og inneheld desse elementa: protein til feste, enzym, membran, proteinkappe og arvestoff.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange virus har òg ein vernande membran utanpå proteinkappa. Som hos dyreceller består membranen av eit dobbelt lag lipidmolekyl (feittstoff) med innfelte glykoprotein. Når viruset formeirar seg, forlèt kopiar av viruset vertscella. Kopiane er omgitte av cellemembranen til vertscella.

Infeksjonar forårsaka av virus

Virus kan kome inn i kroppen på mange måtar. Vi kan puste inn virus i form av luft- eller dråpesmitte, eller vi kan svelgje dei gjennom infisert mat eller drikke. Virus kan òg kome inn i kroppen via insektstikk, dyrebit eller infiserte nåler. I tillegg kan virus overførast direkte til slimhinna i munnhòla eller kjønnsorgana under seksuell aktivitet, eller til bindehinna i auget ved drope- eller kontaktsmitte.

Illustrasjonen inneheld ei skjematisk framstilling av ein naken menneskekropp, med døme på sjukdommar som blir forårsaka av virus. Rotavirus og norovirus kan til dømes forårsake mage- og tarmkatarr, mens over 100 ulike virusartar kan forårsake forkjøling.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kamp mot virus

Det finst enno ingen legemiddel som drep virus. God hygiene med handvask og desinfeksjon er eit godt første tiltak for å førebyggje virusinfeksjonar. Det finst dessutan effektive vaksinar mot ein del virusinfeksjonar. Desse inneheld litt av det aktuelle viruset og gjer at immunforsvaret begynner å lage antistoff for å kjempe mot viruset.

Virus kan vere nyttige

Virus blir oftast forbunde med sjukdom, men virus har mange andre roller som er mindre kjende. I tarmane våre har vi virus som hjelper oss med å halde oss friske. Bakteriofagar kan bli den nye medisinen som hjelper oss i kampen mot dei multiresistente bakteriane. Elles er virus svært nyttige verktøy som blir brukte i medisin og genteknologi.

På sjukehus finn ein ofte resistente bakteriar av Pseudomonas-slekta. Desse klarer å pumpe ut antibiotika som hamnar innanfor cellemembranen, men bakteriofagar lagar hol i cellemembranen til bakterien. Dermed øydelegg dei mekanismen som pumpar ut antibiotika, og medisinen får full effekt.

Ved å bruke bakteriofagar målretta mot éin type bakteriar kan ein verne nyttige bakteriar som elles ville blitt drepne av antibiotika. Det er mykje sunnare for tarmfloraen og dermed for kroppen.

Kjelde

Klein, Jörn. (2020, 21. januar). Virus. Henta 18. mai 2020 frå https://sml.snl.no/virus

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2020

Læringsressursar

Mikroorganismar