Hopp til innhald
Eigenvurdering

Egenvurdering for emnet produksjon og analyse

I emnet produksjon og analyse har du fått innsikt i korleis du kan beskrive og kommentere ulike medieuttrykk. Denne kunnskapen treng du når du skal planleggje eigne produksjonar. Har du fått med deg det viktigaste?

Desse punkta gir deg ein peikepinn om kor godt du forstår produksjon, analyse og samanhengen mellom dei to:

  • Eg forstår at det er nyttig å vurdere og analysere eigne og andre sine medieuttrykk. Det hjelper meg i arbeidet med eigne produksjonar.
  • Eg har blitt meir klar over kor viktig det er å vurdere arbeidet mitt i ulike fasar av ein produksjon.

Produksjon

  • Eg kan bruke KFK-modellen ved oppstart av ein produksjon.
  • Eg kjenner til ulike teknikkar for idéskaping.
  • Eg forstår kvifor eg må planleggje ein medieproduksjon.
  • Eg veit meir om korleis eg kan planleggje ulike fasar i ein produksjon.
  • Eg forstår kvifor det er viktig å dokumentere ein produksjonsprosess og å vurdere eigen produksjon.

Vurdering og analyse

  • Eg har fått øvd meg i å vurdere eige arbeid.
  • Eg bruker fagomgrep for å analysere og vurdere medieuttrykk.
  • Eg kjenner til verktøy for å analysere og vurdere film, journalistikk og reklame.
  • Eg har blitt meir klar over samanhengen mellom innhald, uttrykk og kommunikasjon.
  • Eg har fått meir trening i å tenkje kritisk og reflektere rundt ulike medieuttrykk.

Sentrale omgrep i emnet