Hopp til innhald
Fagartikkel

Sjekkpunkt i elevproduksjonar

Jobbar du målretta og systematisk i alle fasar av ein produksjonsprosess, vil det sikre ein god arbeidsflyt og at sluttproduktet ditt får god kvalitet.

Å finne ut at du har gløymt batteri, ikkje har sikkerheitskopi, eller at lyden ikkje fungerer som ønskt, høyrer med når du øver deg i å bli ein profesjonell medieprodusent. Kanskje har du opplevd at du ikkje vart ferdig i tide og fått beskjed om at deadline er heilag i mediebransjen? Kanskje har du også møtt på det som blir kalla Murphy’s Law: «Alt som kan gå gale, går gale.»

Ei sjekkpunktliste kan bidra til at du møter mindre motstand og færre utfordringar i neste produksjon.

Før produksjon

Avklaringsfase

  • Hald brief, kickoff eller redaksjonsmøte, avklar og definer behov, oppdrag, utgangspunkt og problemstillingar.
  • Er målet for arbeidsoppgåva forstått? Kva er føremålet for produksjonen?
  • Kva for bodskap skal ut? Kva er det oppdragsgivaren ønskjer? Spør heilt til du er sikker på at du har forstått det riktig.
  • Kartlegg og undersøk målgrupper, lag personas.

Planlegging

  • Få ei oversikt over rammene for produksjonen, tid og ressursar.
  • Kven bidreg, og kva for kompetansar og nettverk har desse personane?
  • Kor lang tid har de på dykk? Kven gjer kva?
  • Kva for utstyr trengst og er tilgjengeleg?
  • Lag ein produksjonsplan for å halde tidsfristar.

Inspirasjon, idéutvikling og design

  • Opne opp for moglege idear. Det er viktig å jobbe fram mange gode idear som de kan assosiere vidare ut frå. Det er ikkje eit mål i denne fasen at ideane skal vere realistiske.
  • Bruk penn, papir og teiknesaker. Gå på stader du vanlegvis ikkje jobbar, for å hente inspirasjon. Bruk ulike teknikkar for idémyldring, og jobb saman med andre.
  • Systematiser, snevre inn og konkretiser ideane. No kan de begynne å jobbe fram dei realistiske løysingane.
  • Gjer grundig research. Snakk gjerne med nokon som har god kjennskap til temaet.

Produksjon

Førebuingar

  • Dobbel- og trippelsjekk teknisk utstyr.
  • Kva for filformat og tekniske kvalitetar krevst for å gjennomføre jobben?
  • Finst det produksjonsrammer hos oppdragsgivar, som for eksempel ein designmanual?
  • Førebu og prøv ut teknikkar for redigering i forkant, der det er relevant.
  • Sjekk kva for lover og reglar som vedkjem produksjonen din. Det kan for eksempel vere åndsverklova, personvernlova, Ver varsam-plakaten, marknadsføringslova.
  • Planlegg eventuelle opptak. Kva for verkemiddel og forteljeteknikkar skal du bruke i opptaka? Korleis sikrar du at du får nok råopptak? Kva for utstyr, innstillingar og omgjevnader treng du?

Innsamling, redigering og etterarbeid

  • Gjennomfør opptaksplanar eller planlagde intervju.
  • Sjekk at alt fungerer både i innhald og teknisk før du avsluttar situasjonen for opptak og innsamling av innhald.
  • Lag sikkerheitskopi av alt innhald.
  • Lag dokumentstruktur på datamaskinen der du skil mellom arbeidsfiler og publiseringsfiler.
  • Bruk relevante redigeringsprogram og funksjonar for redigering.
  • Språkvask og faktasjekk: Ved bruk av kjelder, sjekk at du krediterer riktig. Dersom du har intervjua nokon, sørg for at du har stava namnet deira rett. Dobbelsjekk sentrale fakta, og sjekk rettskriving.

Publisering

  • Eksporter i riktig filformat og storleikar.
  • Publiser til avtalt tid, slutt å flikke i tide.
  • Kva er responsen? Gjer endringar og juster dersom det er mogleg og nødvendig.