Hopp til innhald
Rettleiing

Tips og triks – pressekontakt

Når du skal jobbe med pressemeldingar og pressekonferansar, kan det vere lurt å studere korleis profesjonelle kommunikasjonsmedarbeidara jobbar med slike saker.

Pressemelding

Skriv inn søkjeordet «pressemelding» i søkjefeltet i søkemotoren du bruker. Studer fem av dei pressemeldingane du får opp. Det er lurt å velje pressemeldingar som er skrivne av kommunikasjonsmedarbeidarar i offentlege etatar eller større bedrifter.

Pressekonferansar

Skriv inn søkjeordet «pressekonferanse» i søkjefeltet i søkemotoren du bruker. Studer fem av dei pressekonferansane du får opp.