Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Pressekonferanse

I dette oppdraget skal du øve deg på å jobbe som kommunikasjonsrådgivar. Du skal lære å skrive ei god pressemelding og å halde ein pressekonferanse.
Bilde av pressekonferanse der Ståle Solbakken blir presentert som ny manager for Wolverhampton.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å løyse oppgåva må du bruke det du lærer om kommunikasjonsrådgiving, skriveteknikkar, nyheitskriterium, pressemeldingar og pressekonferansar.

Arbeidsoppdrag

Klassen går saman i grupper på tre elevar som skal vere kommunikasjonsrådgivingsteam. De får i oppgåve å representere ein bestemt oppdragsgivar. Oppdraget er dette:

  • Først vel de ein organisasjon, ei bedrift eller ein kunde de kunne tenkje dykk å vere kommunikasjonsrådgivar for. Det kan for eksempel vere eit politisk parti, ei bedrift, ei idrettsstjerne eller ein artist.
  • Deretter vel de ei sak de ønskjer å formidle til publikum. Døme på slike saker kan vere: ei ny løysing på eit samfunnsproblem, eit ønske om å forklare ei negativ hending som har ramma kunden dykkar, eller promotering av eit nytt produkt.
  • Skriv ei pressemelding som gir pressa lyst til å komme på den pressenkonferansen teamet byr inn til om denne saka.
  • Deretter skal de halde ein pressekonferanse der dei andre elevane i klassen møter som journalistar.
  • Til slutt skal de opptre som journalistar på ein pressekonferanse som blir halden av ei anna elevgruppe.

Slik kan de gå fram for å løyse oppdraget:

  1. Idémyldre fram ei utdjuping av bodskapen dykkar. Kva er det de vil seie til kven? Oppsummer dette i ei klar setning.
  2. Skriv kvar sitt utkast til ei pressemelding.
  3. Gi kvarandre framovermeldingar på pressemeldingane. Utarbeid så eitt felles utkast basert på det de har skrive individuelt.
  4. Innkall til pressekonferanse. Det gjer de ved å sende pressemeldinga til dei andre elevane i klassen, dei skal seinare vere journalistar.
  5. Dei som opptrer som journalistar, førebur spørsmål basert på pressemeldingane dei har fått.
  6. Kvar gruppe gjennomfører ein pressekonferanse på ca. 10 minutt. Då må ein av dykk gå inn i rolla som kommunikasjonsrådgivar og ein som representant for kunden eller oppdragsgivar. Lag ei fiktiv bakgrunnshistorie som de kan svare ut frå. Bruk gjerne kostyme.
  7. Når dei andre teama har pressekonferanse, jobbar de som journalistar.
  8. Gjennomfør ein samtale i klassen der de deler erfaringane de fekk i arbeidet med pressemelding og pressekonferansar.
  9. Lag til slutt eit individuelt refleksjonsnotat som syner kva du har lært. Bruk gjerne skrivemalen som er knytt til til dette læringsoppdraget.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2018

Læringsressursar

Innføring i kommunikasjonsarbeid