Hopp til innhald

Eigenvurdering

Pressekonferanse – vurderingsskjema

Bruk dette skjemaet som hjelp når du vurderer i kva grad du har nådd læringsmåla for arbeidsoppdraget Pressekonferanse.
Røde kryss og grønne huker. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
GlimrandeKompetentPå veg
Eg har skrive ei pressemelding som formidlar ein klar bodskap til ei tydeleg definert målgruppe. Eg har teke i bruk alle punkta på lista over tips til korleis ein skriv ei god pressemelding.Eg har skrive ei pressemelding som formidlar ein bodskap til ei målgruppe. Eg har teke i bruk nokre av punkta på lista over tips til korleis ein skriv ei god pressemelding.Eg har skrive ei pressemelding, men bodskapen er ikkje spissa og/eller målgruppa er utydeleg. Eg har teke med nokre få punkt frå tipslista for korleis ein skriv ei god pressemelding.
Eg har brukt fleire nyheitskriterium i utforminga av pressemeldinga. I refleksjonsnotatet syner eg at eg har god kjennskap til nyheitskriteria, og at eg kan argumentere for at eg har valt ut dei viktigaste.Eg har brukt eitt eller nokre få nyheitskriterium i utforminga av pressemeldinga. I refleksjonsnotatet syner eg at eg har ein del kunnskap om nyheitskriterium.Eg har brukt eitt eller ingen nyhetskriterium i pressemeldinga. I refleksjonsnotatet har eg skrive lite som syner at eg kjenner til og forstår nyheitskriteria.
Eg har gjennomført ein godt planlagd pressekonferanse der eg bidrog til at bodskapen kom tydeleg fram. Eg har delteke aktivt som journalist på pressekonferansane dei andre har invitert til. Eg møtte førebudd.Eg har gjennomført ein pressekonferanse og jobba for at bodskapen kom fram. Planlegginga og gjennomføringa kunne ha vore meir gjennomarbeidd. Eg har delteke som journalist på pressekonferansane dei andre har invitert til.Eg har ikkje eller har berre til dels bidrege til gjennomføringa av ein pressekonferanse, og/eller planlegginga var ikkje gjennomarbeidd. Eg har ikkje delteke aktivt som journalist på pressekonferansane dei andre har invitert til.
Eg har eit medvite forhold til bruk av ein kommunikasjonsmodell når eg har utforma bodskapen i pressemeldinga. Korleis dette er gjort, kjem fram i refleksjonsnotatet.Eg har til dels eit medvite forhold til bruk av kommunikasjonsmodell når eg har utforma bodskapen i pressemeldinga. Dette kjem fram i refleksjonsnotatet der eg syner at eg har tileigna meg ein del av fagstoffet vi har gått gjennom i denne perioden.Eg har hatt lite fokus på kommunikasjonsmodellar når eg har skrive pressemeldinga. Refleksjonsnotatet syner ikkje kunnskap om korleis ein kan bruke ein kommunikasjonsmodell i utforminga av ein bodskap.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Innføring i kommunikasjonsarbeid