Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tverrfagleg oppgåve om Sikkerheitsvakt AS

I casen om Sikkerheitsvakt AS skal du løyse oppgåver for eit oppdikta nyetablert vektarfirma.
Uniformert vektar med lommelykt står på gata i ein mørk by. Foto.

Dette er ei tverrfagleg oppgåve som er innom tema i alle programfaga på service, sikkerheit og administrasjon vg2. Ho eignar seg som ein individuell heildagsprøve eller som ei gruppeoppgåve.

Om Sikkerheitsvakt AS

Bjarne og Torhild gjekk service, sikkerheit og administrasjon vg2 og hadde deretter læreplass innanfor sikkerheit i Forsvaret. Etter fullført læretid møttest dei på vektarkurset til Securitas, der dei òg jobba ein kort periode. No vil dei prøve seg på eiga hand i sitt eige firma, Sikkerheitsvakt AS.

Sikkerheitsvakt AS treng løyve frå politiet til å drive sikkerheitsfirma. Lov om vaktverksemd krev at både Bjarne og Torhild er over 18 år og har tilfredsstillande vandel. Bedrifta vil tilby mobilt og stasjonært vakthald allereie det første året, og lån til bil blir ein stor kostnad.

Det er eit krav at dei som utfører vakttenester, må bruke uniform og bere synleg ID-kort. Bedrifta skal òg innreie eit enkelt kontor som dei har leigd i sentrum av byen. Av andre kostnader må dei rekne med lønn, husleige, forsikring, kommunikasjonsutstyr, marknadsføring og diverse småutgifter.

Oppgåve 1 Lønnsbudsjett og lønnsslipp

Dei to eigarane, Bjarne og Torhild, jobbar begge i firmaet. Dei håpar å få ei omsetning som gjer at dei kan ha ei årslønn på 450 000 kr kvar.

  1. Lag eit budsjett for lønn og personalkostnadene i bedrifta for år 20xx.

    • brutto årslønn per tilsett: 450 000 kr

    • arbeidsgivaravgift: 14,1 %

    • innbetaling til pensjon: 2 % av brutto lønn

    • yrkesskadeforsikring: 650 kr per månad

    • uniform og sambandsutstyr: 75 000 kr

    • feiring av bursdagar og julebord: 5000 kr

  2. Rekn ut netto utbetalt lønn for Bjarne i januar 20xx.

    • brutto årslønn: 450 000 kr

    • skattetabell: 7100

    • fagforeiningskontingent: 350 kr per månad

    • feriepengar: 12,5 %

Oppgåve 2 Servicerolla og omdømme

Bjarne og Torhild vil marknadsføre seg som "best på service". Du skal hjelpe Sikkerheitsvakt AS med følgande oppgåver:

  1. Lag eit forslag til reglar for korleis Sikkerheitsvakt AS skal utøve service når dei er på jobb. Reglane skal vere utforma som tre til fem setningar på eit ark som skal hengast på kontorveggen, med overskrifta "Sikkerheitsvakt AS er best på service fordi vi alltid: ".

  2. God service er viktig for omdømmet til bedrifta. Finn ved søk eller tenk deg døme på korleis dårleg handtering av ulike situasjonar kan skade omdømmet til eit vektarselskap. Forklar òg korleis Sikkerheitsvakt AS bør jobbe for å få eit godt omdømme.

Oppgåve 3 Sikkerheit på jobb

Sikkerheitsvakt AS har fått eit oppdrag på eit kjøpesenter. På kjøpesenteret kan det vere ruspåverka kundar. Gjer greie for symptom på at nokon er ruspåverka, og for korleis ein vektar bør handtere ruspåverka personar.

Aktuelle kompetansemål

Sikkerheit: "gjere greie for symptom på å vere ruspåverka og drøfte korleis ruspåverknad kan gå ut over sikkerheita i ulike situasjonar"

Administrasjon og berekraftig drift: "gjere greie for ulike typar lønn og berekne lønnskostnader"

Kommunikasjon og yrkesutøving: "gjere greie for servicerolla og utforske korleis utøvinga av servicerolla må tilpassast ulike mottakarar i ulike situasjonar, og korleis måten rolla blir utøvd på, kan påverke omdømmet til verksemder"

Kjelde

Kunnskapsdepartementet. (2021). Læreplan i vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/ssh02-01

Relatert innhald

Bedriftene betaler lønn, men det er òg andre kostnader knytte til det å ha tilsette.

Inntak av rusmiddel gjev ulike symptom. Så visse symptom kan tyde på rusbruk. Her skal vi sjå på kva symptom dei vanlegaste rusmidla kan gi.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Om faget kommunikasjon og yrkesutøving - for læraren