Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis kan vi førebyggje etiske dilemma?

Kva for førebyggjande tiltak kan ei bedrift setje inn for at dei tilsette ikkje skal hamne i etiske dilemma?
Person surfar på nettside på mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre gonger opplever vi at same kva vi gjer, bryt vi med etiske retningslinjer. Då har vi eit etisk dilemma. I slike tilfelle må vi prøve å finne ut kva som er viktigast eller rettast å gjere.

Andre gonger kjem vi i situasjonar der vi strevar med å gjere det rette. Det kan vere freistande å gjere private ting i arbeidstida eller forsyne seg med små ting som kontorrekvisita. Kanskje er du usikker på kva som er tillate på jobben?

Tenk over

Kva kan bedrifta gjere for at dei tilsette skal vere i mindre tvil om kva som er rett å gjere, og dermed unngå etiske dilemma?

Førebyggjande tiltak

Tydelege interne retningslinjer kan gjere det enklare for tilsette å vite kva dei bør gjere i ulike situasjonar, og kan på den måten gi færre etiske dilemma. God opplæring og innsikt i interne retningslinjer gir tryggleik for oss alle når vi gjer jobben vår.

God bedriftskultur er viktig for at tilsette skal ønskje å gjere gode etiske val i ulike arbeidssituasjonar. Når vi kjenner oss verdsette på jobb, strekkjer vi oss lengre for å gjere ein god jobb og leve opp til ein høg etisk standard. Leiinga i bedrifta bør derfor prøve å skape ein god bedriftskultur ved å definere viktige verdiar, arrangere hyggjelege samankomstar og skape felles opplevingar.

Døme på verdiar i ein bedriftskultur

Verdiane til Securitas

Ærlegdom
Ærlegdom inneber at vi er pålitelege og oppriktige i det vi gjer. Kvar enkelt av oss skal vise at vi er verdig den tilliten kundane våre viser oss. Med ærlegdom oppnår vi høg integritet både mot omgivnader, kundar og samfunn.

Vaktsemd
Vaktsemd gjer oss profesjonelle og påpasselege. Med vaktsemd varetek vi alltid det viktigaste i ein tryggingsleveranse: eigen og andre sin tryggleik.

Hjelpsemd
Hjelpsemd er å gi ei hjelpande hand og yte service utover det som er forventa. Med hjelpsemd bidreg vi i situasjonar der det er naturleg, anten det er kundar, kollegaer eller andre som treng bistand.

Kilde: https://www.securitas.no/om-oss/vare-verdier/

Oppgåve 1

Ta utgangspunkt i praksisbedrifta di eller ein annan stad du har jobba.

  1. Nemn nokre dilemma som kan oppstå i ulike situasjonar på jobben.

  2. Skriv ned nokre tiltak du tenkjer bedrifta kan setje i verk for at situasjonane du har beskrive i oppgåve a, ikkje skal opplevast som dilemma.

  3. Formuler forslag til interne retningslinjer for situasjonane ovanfor.

Oppgåve 2

  1. Beskriv kort bedriftskulturen der du jobbar. Kva verdiar er bedriftskulturen bygd på?

  2. Synest du bedriftskulturen gjer det enkelt å gjere gode etiske val? Forklar.

  3. Kom med forslag til korleis bedriftskulturen kan forbetrast, og forklar korleis du trur dette kan førebyggje etiske dilemma.


CC BY-SASkrive av Cecilie Lund og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Yrkesetikk