Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er det greitt å ta imot gåva?

Du skal her setje deg inn i og reflektere over ulike situasjonar som kunne ha funne stad på jobb. Er den som kjem med gåva, berre snill, eller har vedkommande nokon baktankar?
Bilete av ein person som nektar å ta imot ein konvolutt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal her setje deg inn i ulike situasjonar som kunne ha funne stad på jobb. Oppgåva kan løysast som eit individuelt refleksjonsnotat eller som drøfting med ein medelev.

Oppgåve 1

Du er vektar på eit kjøpesenter.

Når du er på jobb, kjem det ein kunde bort til deg og fortel at han har punktert. Han seier at han er nyoperert, og spør om du kan hjelpe han med å skifte dekk på bilen. Du skal få 200 kroner for bryet.

  1. Kva vurderingar gjer du deg?
  2. Kva svarer du vedkommande?
  3. Ville du ha informert leiaren din om situasjonen?

Oppgåve 2

Du jobbar med innkjøp i ei bedrift.

Ein leverandør vil gjerne at bedrifta skal ta inn nokre nye produkt. Leiaren din er ikkje så veldig interessert i dette, og det veit leverandøren. Leverandøren seier at viss du klarer å få leiaren til å ta inn desse varene, skal du få nokre vareprøver. Du har veldig lyst på vareprøvene.

  1. Kva vurderingar gjer du deg?
  2. Kva svarer du vedkommande?
  3. Ville du ha informert leiaren din om situasjonen?

Oppgåve 3

Ein dag etter arbeidstid får du blomstrar og eit personleg brev frå ein leverandør. De har hatt ein god tone dei gongene vedkommande har vore innom bedrifta. Du er usikker på om leverandøren har lagt meir i kontakten enn det du har.

  1. Korleis reagerer du?

  2. Kva vurderingar gjer du deg?

  3. Kva svarer du vedkommande?

  4. Ville du ha informert leiaren din om situasjonen?

Relatert innhald

Etiske dilemma kan vere vanskelege å finne ut av. Kva er viktigast eller rettast å gjere?

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2022

Læringsressursar

Yrkesetikk