Hopp til innhald

Fagstoff

Datamaskina

Ei datamaskin består av ei rekke kjernedelar, ekstrautstyr og tilkoplingsmoglegheiter. For at ein PC skal kunne fungere, er han avhengig av at kjernedelane er på plass og fungerer.
Stort kretskort med plass for montering av prosessor, RAM, PCI Expresskort, M.2-kort og ei rekkje USB-portar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lær terminologien frå PC-skolen på YouTube.

Det blir brukt mange forkortingar, omgrep og engelske uttrykk om datamaskiner og komponentar.
Ordboka for dataterminologi frå Språkrådet kan derfor vere nyttig.

Kjernedelar, også kalla komponentar:

  • hovudkort
  • prosessor (CPU)
  • minne (RAM)
  • harddisk (HDD og SSD)
  • tilkoplingar (I/O)
  • straumforsyning (PSU)

Utan desse delane kan vi ikkje nytte datamaskina slik det er tenkt.

Vi har i tillegg nokre delar som ikkje kallast kjernedelar lenger fordi datamaskina kan fungere fullverdig utan desse:

  • Skjermkort (GPU) er ofte integrert på hovudkort og kallast derfor ekstrautstyr.
  • Optisk drev (Blu-ray/DVD/CD RW) blir kalla periferiutstyr fordi det ofte blir tilkopla eksternt.

Ein video frå 90-talet viser godt korleis datamaskina fungerer: How Computers Work: A Journey Into the Walk-Through Computer

Grensesnitt mellom menneske og maskin

Grensesnittet er korleis vi betener datamaskina. Det består av inn- og ut-einingar som er ei undergruppe av periferiutstyr. Inn-einingar er til dømes tastatur og mus, medan ut-einingar kan vere skjerm og skrivar. Også inn- og ut-einingar blir kopla til hovudkortet, men dei blir kopla til på utsida av kabinettet med ulike koplingar. Operativsystem, drivarar og programvare sørgjer for at signala blir behandla.

Stasjonær vs. berbar

Det finst i hovudsak to typar maskiner på marknaden i dag: stasjonære modellar og berbare modellar. Tidlegare dominerte stasjonære maskiner på grunn av fordelar med pris og yting. Etter kvart har berbare maskiner vorte meir og meir populære fordi ein kan ta dei med seg overalt.

På ei berbar maskin kan du ikkje byte skjermkort. Vanlegvis følgjer det ikkje med optisk drev, men dette kan koplast til eksternt. Det finst ofte eigne tilkoplingar på berbare maskiner, som mini-HDMI og mini-displayport, som krev eigne kablar eller overgangar.

Ei stasjonær datamaskin har som regel eit separat kabinett. Dette blir ofte feilaktig kalla harddisk. Alle komponentane blir monterte i kabinettet og blir kopla til hovudkortet. På hovudkortet kan ein òg kople til tilleggskort med ekstra funksjonalitet. På berbare datamaskiner, og enkelte stasjonære, er skjermen montert saman med kabinettet.

CC BY-SASkrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020

Læringsressursar

Maskinvare