Hopp til innhald

Fagstoff

Periferiutstyr

Dei ulike einingane vi koplar til ei datamaskin, kallar vi ofte periferiutstyr. Vi kan også seie inn-/ut-einingar eller I/O-einingar (input/output). Dette er einingar som trengst for at brukaren skal kunne betene maskina. Skjerm, tastatur og mus er periferiutstyr på stasjonære datamaskiner.
Ein USB-kabel blir kopla inn i sida på ein berbar PC. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skjerm

Det finst fleire ulike tilkoplingar for skjerm. VGA har vore mykje brukt på både stasjonære og berbare datamaskiner, men blir i stadig større grad erstatta av nyare standardar som DVI, HDMI og DisplayPort. HDMI og DisplayPort tilbyr blant anna digital overføring av både bilete og lyd og gir fleire moglegheiter enn tidlegare standardar. Det finst også moglegheiter for trådlaus overføring av både lyd og bilete med såkalla strøymeeiningar.

Høgtalarar og hovudtelefonar

Høgtalarar og hovudtelefonar er einingar som genererer analog lyd basert på digitale signal frå datamaskina. For å kople lydeiningar til datamaskiner bruker vi som regel ein såkalla . Samstundes har USB blitt vanlegare, og dessutan Blåtann for trådlaus overføring av lyd.

Skrivarar og skannarar

For å digitalisere papirdokument bruker vi ein skannar. Derfor kan vi seie at skannaren er ei inn-eining. Skrivarar er ut-einingar som vi nyttar for å overføre digitale dokument til papirformat. For å skrive ut på papir bruker vi anten blekk eller laser. I dag nyttar skrivarar og skannarar som regel USB-tilkopling. Nettverkstilkopling for skrivarar blir ofte brukt i bedrifter, men er også populært i heimenettverk. Då kan fleire vere tilkopla same skrivar, og ein kan også skrive ut via det trådlause nettverket.

Tilkoplingar

Det finst ulike standardar for tilkopling av periferiutstyr. Dei mest brukte i dag er USB og Thunderbolt.

USB

USB var nyskapande då den første versjonen kom på marknaden på 90-talet. Standarden blei laga i eit samarbeid mellom fleire av dei større produsentane av IT-utstyr. Standarden blei gjord tilgjengeleg for alle produsentane og blei raskt industristandard for vanlege datamaskiner. USB-standarden har blitt oppdatert i fleire rundar og er i dag mykje raskare og kan levere meir straum til periferiutstyret enn dei første versjonane. Lightning-standarden til Apple er i stor grad kompatibel med USB, men Lightning bruker sin eigen kontakt og blir mest brukt til mobiltelefonar og nettbrett.

FireWire

Ein standard som ikkje lenger er mykje brukt, er FireWire. Denne standarden blei utvikla av ei rekkje bedrifter og av Apple. Han var til dels ein konkurrent til USB, men hadde også eigenskapar som gjorde han betre enn USB på enkelte oppgåver, for eksempel tilkopling av video- og lydeiningar som kamera og eksterne lydkort. FireWire blei mykje brukt i profesjonelt utstyr.

Thunderbolt

Thunderbolt 1 kom ut i 2011. Standarden var blitt utvikla i eit samarbeid mellom Intel og Apple. Fram til versjon 3 blei han i all hovudsak brukt av Apple, i dag er han for det meste tilgjengeleg på Intel-baserte hovudkort.

Det nyskapande med Thunderbolt var at han kunne levere både DisplayPort, PCI Express-linjer og straum på den same kabelen. Dette gjorde standarden allsidig og anvendeleg til mange formål. I dag er det for eksempel mogleg å bruke berre éin enkelt Thunderbolt 3-kabel mellom ei berbar datamaskin og ein dokkingstasjon. Over denne kabelen går det ladestraum til datamaskinen, DisplayPort gjer det mogleg å vise to 4k-skjermbilete og PCI Express-linjene kan lett brukast for å drive ein USB-kontroller i dokkingstasjonen.

Intel har dei siste åra gjort det lettare å ta i bruk Thunderbolt, og Thunderbolt vil også vere ein sentral del av USB 4 når denne kjem ut.

Eksempel: frå klikk til skjerm

Når vi klikkar på ein knapp med inn-eininga mus, går det eit signal til datamaskina, som til slutt syner eit resultat på ut-eininga skjerm.

  1. Museklikket kjem inn via USB-porten.
  2. Brikkesettet behandlar førespurnaden.
  3. Prosessoren (CPU) prioriterer.
  4. Minnet blir sjekka for tidlegare avspelingar.
  5. Filmen blir funnen på harddisken.
  6. Skjermkortet (GPU) tek over avspelinga og bruker innebygd minne og prosessor.
  7. Biletet blir sendt ut gjennom HDMI.

Relatert innhald

USB og Thunderbolt er i dag viktige standardar for overføring av data og straum mellom eksterne einingar og datamaskiner.

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø og Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2018

Læringsressursar

Maskinvare