Hopp til innhald

Fagstoff

Tilkoplingar på hovudkortet

Hovudoppgåva til hovudkortet er å kople saman komponentane i datamaskina. Dette blir gjort gjennom standardiserte kontaktar og kommunikasjonsprotokollar. Spesielt i stasjonære datamaskiner har vi som oftast mange moglegheiter for tilpassing og utvidingar.
Hovudkortet fylt med tynne koparbanar både på overside og underside som koplar saman komponentar. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Moderne datamaskiner er bygde opp av komponentar frå mange ulike leverandørar. Leverandørane følgjer industristandardane for fysiske kontaktar og kommunikasjonsprotokollar, noko som gjer det lett å kople saman utstyr frå ulike produsentar. Kombinert med drivarar tilpassa maskina sitt operativsystem og prosessortype, så vil datamaskina fungere riktig i dei aller fleste tilfella.

Fordi så mykje handlar om fastsette standardar, så vil hovudkort, spesielt i stasjonære datamaskiner, som oftast ha ganske likt oppsett/plassering av komponentar frå eitt hovudkort til det neste. Det vil vere mindre variasjonar. Til dømes vil prosessorviftekontakten alltid vere plassert nært prosessorsokkelen, men nøyaktig kvar vil variere mellom ulike hovudkortmodellar og leverandørane. Det er derfor viktig å lære seg korleis kontaktane ser ut, lære kvar dei som oftast er plasserte og å bruke manualen for hovudkortet.

Berbare datamaskiner bruker dei same kommunikasjonsprotokollane og fysiske kontaktar. Men fysisk oppsett av komponentar på hovudkortet kan vere veldig ulikt. Dette er fordi berbare datamaskiner kjem i så mange storleikar og typar, og deler som hovudkort blir tilpassa kvar enkelt modell.

Tilkoplingsmoglegheiter på sjølve hovudkortet

Sett ovanfrå og ned på eit hovudkort kan du sjå alle tilkoplingsmoglegheitene vi har internt i ein moderne stasjonær datamaskin.

Nokon av desse må vi bruke for at datamaskina skal fungere, som

  • straum via både 24-pin og 8-pin-kontaktane
  • prosessor av riktig type montert i prosessorsokkelen
  • arbeidsminne (RAM brikker)
  • tilkopla prosessorvifte
  • tilkopla lagringseining (SATA SSD eller M.2 SSD for å kunne starte opp i eit operativsystem)

Utover dette har dei fleste hovudkort mange tilkoplingsmoglegheiter vi kan ta i bruk viss vi ønsker det. Nokon er for utvidingskort (som PCI Express), medan andre gir oss moglegheit til å kople til ekstra USB-portar, lys og knappar som kabinettet vi monterer i, støttar.

Interaktiv hovudkortbilde

Hald musepeikaren over dei ulike komponentane for å få opp informasjon om kvar enkel komponent på hovudkortet.

Portar som kjem ut av datamaskina

På langsida av hovudkortet, som i dei fleste stasjonære datamaskiner peiker ut mot baksida, kan det sjå ut som på biletet under. Hald musepeikaren over kvar kontakt for å få opp ei kort forklaring.

I dømet over er hovudkortet laga for integrert grafikk. Dette vil seie at prosessoren eller hovudkortet har innebygd skjermkort. Derfor kan skjerm koplast rett til HDMI eller DisplayPort på baksida av hovudkortet. Dette er veldig vanleg på kontormaskiner. For stasjonære datamaskiner som skal brukast til dataspel, bruker vi som oftast dedikerte skjermkort som er tilkopla via PCI Express.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2020

Læringsressursar

Maskinvare