Racketspelet vi kjenner i dag, stammar frå franske og italienske kloster på 1100-talet. To hundre år seinare spreidde det seg til England via Skottland under namnet real tennis. På 1600-talet hadde spelet vorte populært, for det kravde liten plass og kunne spelast innandørs på slott og herregardar.
I vår tid er badminton ein olympisk idrett med fem disiplinar: herre- og damesingle, herre- og damedouble og mixed double.
Badminton eignar seg godt som mosjonsidrett. Spelet stiller krav til dei fysiske eigenskapane uthald og hurtigheit, koordinative eigenskapar som reaksjon, tilpassa kraftinnsats og auge-hand, men også taktikk.
CC BY-SASkrive av Oddbjørg Vatn Slapgaard.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2020