Film og filmklipp
Skadeførebyggjande øvingar for overkroppen
Her finn du skadeførebyggjande øvingar for skulder og kjernemuskulaturen i mage og rygg.
Desse øvingane rettar seg mot strukturar i og delar av kroppen som ofte er skadeutsette. Skulder, nakke og rygg er område i overkroppen som er meir utsette enn andre område.
Øvingane styrkjer musklar, sener og ledd. Derfor kan dei førebyggje akutte skadar som strekk og belastningsskadar. Belastningsskadar er til dømes overbelastning, betennelsar og avrivingar i musklar og sener. Betennelsar skjer som oftast i overgangen mellom musklar og sener og mellom sener og knoklar.
Relatert innhald
Fagstoff
Kvifor trene skadeførebyggjande?Muskel- og skjelettplager er svært vanlege. Plagene oppstår når musklar, sener eller ledd blir utsette for ei større belastning enn dei toler.