Hopp til innhald
Film og filmklipp

Skadeførebyggjande øvingar for beina

Skadeførebyggjande øvingar kan bidra til ein sterkare kropp, med sterkare musklar, sener og ledd. Her finn du skadeførebyggjande øvingar for beina.

Desse øvingane rettar seg mot strukturar i og delar av kroppen som ofte er skadeutsette. Hamstringmuskulaturen, musklar i lysken, setemuskulaturen og fot og legg er område i beina som er meir utsette enn andre område.

Øvingane styrkjer musklar, sener og ledd. Derfor kan dei førebyggje akutte skadar som strekk og belastningsskadar. Belastningsskadar er til dømes overbelastning, betennelsar og avrivingar i musklar og sener. Betennelsar skjer som oftast i overgangen mellom musklar og sener og mellom sener og knoklar.

Nordic hamstring

Nordic hamstring styrkjer muskulaturen på baksida av låret og reduserer risikoen for strekk. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Eittbeins knebøy

Eittbeins knebøy er ei øving som styrkjer setemuskulaturen og muskulaturen på utsida av hofta. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Glidande sideutfall

Glidande sideutfall er ei øving som styrkjer den firehovda knestrekkjaren, den store setemuskulaturen og innoverførarane i hofta. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Copenhagen adductor

Copenhagen adductor er ei øving som styrkjer innoverførarane i hofta, og som førebyggjer lyskestrekk. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Eittbeins bekkenhev

Eittbeins bekkenhev styrkjer den store setemuskulaturen og den tohovda knebøyaren. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Tåhev

Tåhev er ei øving som styrkjer muskulaturen i foten og på baksida av leggen. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Omvend tåhev

Omvend tåhev styrkjer den fremre skjenebeinsmuskelen. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0
CC BY-SA 4.0Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2021