Hopp til innhald

Fagstoff

Snipp og Snapp

Tren på akselerasjonshurtigheit og reaksjonshurtigheit ved å leike.
Laga er stilte opp til start. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

To lag bruker ein heil bane. Laga stiller seg på linje på kvar si side av midtlinja. Det eine laget er Snipp, og det andre laget er Snapp. Læraren roper Snipp, og alle snippane spring mot kortlinja på eigen banehalvdel. Snappane forfølgjer kvar sin Snipp og prøver å ta han før kortlinja. Trenaren varierer mellom å rope "Snipp" og "Snapp".

Startvariantar:

  • med ryggen mot kvarandre
  • med ansiktet mot kvarandre
  • sitjande på huk ev. på golv
  • liggjande
CC BY-SASkrive av Kolbjørn Ekker, Jan Bolle og Oddbjørg Vatn Slapgaard.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020

Læringsressursar

Snøggleik