Hopp til innhald

Fagstoff

Stigningsløp

Dette stigningsløpet er ei øving for akselerasjonshurtigheit og maksimal hurtigheit, og passar fint som spesiell oppvarming før løpeøkter eller konkurransar som inneheld løping.
 Oppsett til øvinga stigningløp . Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stigningsløpa gjer de over ein distanse på 40–60 meter. Pass på at farta blir auka gradvis, og at farta er maksimal på slutten av draget. Pausa mellom kvart stigningsløp bør bestå i at de går roleg tilbake til utgangspunktet. Det er viktig at det ikkje blir konkurranse, men at alle køyrer sitt eige løp basert på eigen kapasitet.

CC BY-SASkrive av Kolbjørn Ekker, Jan Bolle og Oddbjørg Vatn Slapgaard.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020

Læringsressursar

Snøggleik