Kroppsleg læring og turn, økt 4
Opplegget som er presentert under, er eit forslag på fire økter i turn med ein tenkt progresjon. Det inkluderer òg videoar med øvingsutval der du kan velje ut frå nivået ditt. Det er lagt vekt på at opplegget skal bidra til utforsking, refleksjon og undring, åleine, i par og i grupper.
Gjennomfør oppvarming i gruppa.
Start med generell oppvarming.
Gjer deretter nokre utvalde øvingar frå oppvarmingsvideoane i turn.
Set av dei to siste minutta til å trene på den sjølvvalde turnøvinga di. Kva utvikling har du hatt på denne øvinga, og korleis vil du forklare utviklinga?
Diskuter felles i klassen.
Kva betyr det å respektere andre?
Korleis kan vi vere eit godt publikum for gruppene når dei har framføringane sine?
Kva kan kvar enkelt gjere for at showet skal gå som planlagt?
Øv på turnshowet saman med gruppa di. Repeter kven som gjer kva, og gjer eventuelle justeringar som må til. Gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.
Kvar gruppe viser fram turnshowet sitt på to til tre minutt. Alternativt kan de bruke denne tida til å filme turnshowet dykkar.
Les gjennom heile oppgåva før du går i gang.
Reflekter og diskuter saman med gruppa di.
Kva har du lært og erfart med kroppen i løpet av denne perioden? Forklar kvarandre på gruppa kva de har lært.
Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du gitt til gruppemedlemmene dine?
Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du fått av gruppemedlemmene dine?
Klarer du å øve utan å gi opp?
Korleis har du jobba med dei fysiske og koordinative eigenskapane i denne perioden? (Vg2)
Du skal anten skrive eit individuelt refleksjonsnotat om prosessen eller levere eit lydopptak av samtalen du har med gruppa. Vel den metoden som best får fram tankane dine og kunnskapen din. Ta utgangspunkt i punkta over.