Kroppsleg læring og turn, økt 3
Opplegget som er presentert under, gir eit forslag til ein progresjon over fire økter i turn, og det har samtidig ein øvingsbank i videoane som du kan velje ut frå nivået ditt. Det er lagt vekt på at opplegget skal bidra til utforsking, refleksjon og undring, åleine, i par og i gruppe.
Til lærer
Tips til førebuing
Ha ein samtale med elevane om læringsmål for økta og for perioden.
Prat òg om kroppsleg læring, kva dei har lært om kroppen sin og funksjonane han har, og kva erfaringar dei har med å gi og å få konstruktive tilbakemeldingar.
Repeter koordinasjon, styrke, rørsleevne og fysisk og psykisk uthald med vg2-elevane.
I økt 3 og 4 skal elevane bidra med læring i ei større gruppe. I økt 4 skal eleven strukturere den samla kompetansen sin anten ved ei framføring for medelevar og/eller lærar eller ved å filme framføringa som ei innleveringsoppgåve. Formålet med ei framføring er at eleven heile tida skal ha noko å strekke seg mot, og å kunne setje ord på og vise med kroppen kva han eller ho har lært.
Læringsmål
Målet med perioden (fire økter) er at du skal
trene på grunnøvingar og vidarekomne element i turn ut frå eigne føresetnader (vg1)
reflektere over kva du får til med kroppen din, og kva du må jobbe meir med (vg1)
gi positive og konstruktive tilbakemeldingar (vg1)
utfordre deg sjølv og ikkje gi opp sjølv om du opplever å ikkje få til (vg1)
forstå korleis du kan utvikle koordinasjon, styrke, rørsleevne, psykisk uthald (øve og prøve sjølv om du ikkje opplever meistring) og fysisk uthald gjennom å trene på øvingar i turn (tillegg for vg2)
Oppvarming (20 minutt)
Heile klassen
Gjer øvinga "tømmerstokken" (fikseringsøving).
Legg ut ei rekke med matter.
Legg dykk tett inntil kvarandre i den eine enden av matta.
Ein elev legg seg langsgåande oppå dei andre. De som ligg nedst, skal rulle den som ligg på toppen ut av rekka.
Gjenta øvinga med ny elev på toppen til alle har prøvd.
Kva er viktig for å få til ei øving som tømmerstokken? Diskuter.
To læringspar går saman
Hald fram oppvarminga i grupper på fire.
Vel oppvarmingsøvingar frå videoane om spesiell oppvarming i turn.
Nummerer gruppemedlemmene frå ein til fire. Kvar av dykk styrer oppvarminga i eitt til to minutt.
Spesiell oppvarming i turn, individuelle øvingar
Spesiell oppvarming i turn, parøvingar
Hovuddel (40 minutt)
Planlegg turnshow i gruppa
Gjer "Grunnøvingar i turn" saman.
Vis og forklar kvarandre turnøvingane de har valt frå den førre økta. Gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar.
Ha ein samtale om kva som er styrkane dykkar. Bruk dette i planlegginga av eit turnshow.
Turnshowet skal vare i to til tre minutt. De kan anten framføre turnshowet neste økt eller filme det og dele videoen med faglærar.
Grunnøvingar i turn
Lag ein plan
Kven gjer og seier kva?
Kor lang tid tek kvar del/sekvens?
Del gjerne planen med læraren dykkar.
Turnshow
Få fram kva de har lært i denne perioden, ut frå eigne føresetnader.
Kombiner gjerne øvingar frå både oppvarming, grunnøvingar og turnøvingar 1 og 2.
De kan sikre og hjelpe kvarandre i showet. For å skape flyt kan de legge til effektar (dans, musikk, enkelt utstyr og enkle kostyme).
Utfordre dykk sjølve. Vel øvingar med ulik vanskegrad. Det er lov å prøve på eit element du er usikker på om du meistrar skikkeleg, alt må ikkje vere perfekt!
Turnøvingar 1
Turnøvingar 2
Avslutning (10 minutt)
Diskuter (kombiner gjerne med lett uttøying).
Kva får du til no, og kva må du jobbe meir med til turnshowet?
Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du gitt til gruppemedlemmene dine?
Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du fått av gruppemedlemmene dine?
Klarer du å øve utan å gi opp?