Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike perspektiv for å studere samfunnsfenomen

Samfunnsforskarar har ofte ulike teoretiske utgangspunkt i synet på samfunnet og samfunnsprosessane. Vi kan kalle dette ulike teoretiske hovedretningar, eller perspektiv.
Jente som ser gjennom forstørrelsesglass. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symbolsk interaksjonisme

Teoretikarar som tek utgangspunkt i denne tilnærminga, er opptekne av å forstå samfunnet med utgangspunkt i aktørane, det vil seie individa. Interaksjonsteoretikarar har stort sett vore opptekne med å studere samhandling mellom individ. Dei har sett på symbola som grunnleggjande byggjesteiner i samfunnslivet. Uten symbol ville vi ikkje vore i stand til å kommunisere, vi ville ikkje kunne legge planar for framtida, og vi ville ikkje ha bøker, musikk eller kunst.

I dette perspektivet vert analysar gjennomførte på mikronivå, og det er individorientert. Dei ser på "eg-et" som eit symbol. Eg-et består av idéar og oppfatningar om kva vi er. Desse oppfatningane av oss sjølve og andre forandrar og justerer vi etter som vi samhandlar med andre. Viss du til dømes snakker med onkelen din eller tanta di, vil du justere og tilpasse oppførselen din til dei. Hadde ein av dei derimot vore kjærasten din, ville du oppført deg heilt annleis.

Dagleglivet vert sett på som ei scene der vi heile tida spelar nye roller og får nytt publikum, og sosialiseringsprosessen vert sett på som den viktigaste prosessen for å tileigne seg forståinga av symbola.

All samhandling mellom individ fører med seg ei utveksling av symbol. Vi går inn for å innrette oss etter situasjonen vi er i.

George Herbert Mead vert rekna som grunnleggjaren av dette teoretiske perspektivet. Det er videreutvikla av blant anna teoretikarar som Erwing Goffman.

Funksjonalisme

Funksjonalismen ser på samfunnet som ein heilskap, og på korleis dei ulike delane i et samfunn fungerer saman. Samfunnet vert sett på som ein organisme. For at samfunnet skal kunne eksistere, må dei ulike delane av samfunnet fungere saman. Som hos alle andre organismar må dei ulike delane funksjonere saman i harmoni om dei skal verke. Alt som ikkje gjer det, vert sett på som eit "sjukdomsteikn", og tiltak må setjast inn for å bringe tilstanden i samfunnet tilbake til "harmoni". Konfliktar og problem er dermed unormale tilstandar som vi må rette på.

Teoretikarar som bruker denne teorien, legg vekt på integrerande og normerande prosessar som sosialisering og internalisering av reglar og normer. Den sosiale ulikskapen og lagdelinga blir oppfatta som nødvendig for at samfunnet skal fungere. Når dei ulike rollene har ulik status, blir individa motiverte til å strebe etter høgare sosial status. Det skaper konkurranse. Ei viktig målsetting i eit funksjonalistisk perspektiv er derfor å kartlegge rollestrukturen i eit sosialt system.

I dette perspektivet vert analysar gjennomførte på makronivå, og det er systemorientert. Funksjonalismen er blitt kritisert for å ikkje kunne forklare endringar i samfunnet, og at dette perspektivet ikkje tek høgde for motsetningar og konflikt i eit samfunn.

Emilie Durkheim vert rekna som ein av grunnleggjarane av dette perspektivet. Vidare har vi Talcott Parsons, ein av de mest kjente sosiologane som har ein funksjonalistisk ståstad i sine analysar.

Konfliktteori

I eit konfliktteoretisk perspektiv er det fokus på at det vil vere grunnleggjande motsetningar på alle nivå i det sosiale liv. Samfunnet består av grupper som er i evig konkurranse og kamp om knappe ressursar. Tilhengjarar av marxismen hevdar at den viktigaste motsetninga i samfunnet er mellom dei som har eigedomsrett til produksjonsmidla, og de eigedomslause - som Marx kalla proletariatet.

Dei som tek utgangspunkt i konfliktteori, ser på det slik at samfunnet er styrt av ein maktelite. Dei meiner at samfunnet blir halde saman gjennom maktbruk og undertrykking, og makthavarane sine verdiar dominerer. Marx såg på konflikt mellom kapitalistene og proletariatet, men dagens konfliktteoretikarar analyserer også andre grupper og forhold i samfunnet.

I dette perspektivet vert samfunnsforhold analyserte på makronivå, og det er systemorientert.

Harmoniperspektiv, konfliktperspektiv eller handlingsperspektiv?

Korleis vi vel å analysere samfunnet, spring ut frå kva for ståstad vi vel, altså kva for teoretiske perspektiv vi legg til grunn for å forstå, forklare og analysere eit sosiologisk eller sosialantropologisk fenomen.

Ser vi på dei teoretiske perspektiva ovanfor, ser vi at det er eit skilje mellom kva dei har fokus på.

I eit harmoniperspektiv - eller med utgangspunkt i ein harmonimodell - vil det vere fokus på at samfunnet er ein heilskap, og ein forskar vil til dømes sjå på korleis dei ulike delane i eit samfunn fungerer saman. Konfliktperspektivet er ein motsetnad til dette; her vil ein forskar sjå på til dømes usemje, maktkamp og sosial ulikskap.

I eit handlingsperspektiv er det fokus på aktørane. Her vil ein forskar prøve å analysere samfunnet med utgangspunkt i individa, det vil seie aktørane.

Kvifor er teoriar, teoretikarar og perspektiv så viktige?

Teoriar, teoretikarar og perspektiv er verktøy for å forstå, beskrive og analysere samfunnsfenomen.

Lat oss seie du vil ta for deg problemstillinga "Har vi eit klasseskille i Noreg i dag?" i ei oppgåve. Her kan du til dømes ta utgangspunkt i Marx og sosiologen Pierre Bourdieu, og sjå korleis dei drøftar og analyserer hva klasse og klasseskilje handlar om. Du kan bruke deira omgrepsapparat og deira forklaringar som verktøy for å analysere di eiga problemstilling. Dersom du gjennomfører ditt eige forskningsprosjekt, kan du knytte din eigen diskusjon av dine funn mot deira forklaringar.

Dei ulike retningane innanfor faget er sosiologiske "briller" for forståing og analyse, og dei er nødvendige for å sortere funn, tolke funn og forstå fenomen i samfunnet.

Sosiologiske og sosialantropologiske teoretikarar kan vere ueinige, og det er dei ofte! Ein grunn er nettopp at dei har ulike perspektiv som grunnlag for teoriane sine. I dette faget er det viktig at du kjenner til ulike tenkjemåtar og korleis dei kan brukast for å forklare sosiale samanhengar.

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal og Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Teori og empiri