Hopp til innhald

Fagstoff

Hypotetisk-deduktiv metode

I sosiologi og sosialantropologi er det forventa at elevane i løpet av skuleåret gjennomfører samfunnsfaglege undersøkingar med utgangspunkt i eigne spørsmål og problemstillingar, og presenterer resultata.
Forstørrelsesglass som fokuserer på ordet problem. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er hypotetisk-deduktiv metode?

Ein av mange arbeidsmåtar som er brukt for undersøkje og teste ut sosiologiske problemstillingar, er det som er blitt kjent som hypotetisk-deduktiv metode.

Kort forklart går hypotetisk-deduktiv metode ut på å utforme/setje fram ei generell problemstilling knytt til samfunnsforhold, formulere hypotesar om samanhengar knytt til problemstillinga, og så samle inn data og teste ut om hypotesane har noko for seg.

Empiri og teori

Dersom dataa vi samlar inn – også kalla empiri – støttar opp om hypotesen, kan vi slutte at vår generelle tanke – teori – kanskje er riktig. Jo fleire liknande hypotesar vi testar, jo sikrare kan vi vere på at den generelle samanhengen er sannsynleg dersom alle hypotesane våre viser seg å bli bekrefta.

Dersom dataa ikkje bekreftar hypotesen, må vi forkaste, forandre eller forfine hypotesen. Ved å gjenta prosessen fleire gonger lukar ein bort feilaktige hypotesar, og ved hjelp av vidare deduksjon kjem ein eit skritt nærmare konklusjon om ein samanheng.

Vi kan likevel aldri vere heilt sikre på at det vi kjem fram til er heilt korrekt, berre at det er sannsynleg. Hypotetisk-deduktiv metode kan aldri bevise at noko er sant, berre bevise at noko ikkje er sant.

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Teori og empiri