Hopp til innhald

Fagstoff

Sosiologiens grunnleggjarar

Det er mange som har bidrege til utviklinga av sosiologi som fag. Her er ein kort introduksjon til nokon av dei frå 1800-talet og 1900-talet som har påverka sosiologien.
Den engelske filosofen, biologen og sosiologen Herbert Spencer. Trykk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Auguste Comte (1798-1857)

Franskmannen Comte var truleg den første som presenterte tanken om å bruke naturvitskaplege metodar for å studere samfunnet. Han var spesielt interessert i kva som heldt ulike samfunn saman, og kva som førte til endring i eit samfunn. Han meinte at ein måte å få svar på desse spørsmåla, var å bruke vitskaplege metodar for å studere problema. Comte kalla den nye vitskapen sin for sosiologi, læra om samfunnet. Derfor blir han òg kalla sosiologiens far. Han gjekk sterkt inn for at menneska skulle gjere ein aktiv innsats for å endre samfunnstilhøva, og han såg på kunnskap om samfunnet som ein grunnleggjande føresetnad for at menneska skulle kunne betre sine eigne levekår.

Sjølv om Comte presenterte idéen om å bruke naturvitskaplege metodar i studiet av samfunnet, brukte han aldri slike metodar sjølv i arbeidet sitt. Men grunntanken hans om at vi må observere og klassifisere menneskeleg aktivitet for å avdekke dei fundamentale samanhengane i samfunnet, er akseptert av alle.

Karl Marx (1818-1883)

Portrett av Karl Marx. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marx er ein av dei som har sett sterkast spor etter seg i samfunnsvitskapane. Han var einig med Comte om at menneska aktivt måtte arbeide for å endre samfunnstilhøva. Marx arbeidde innafor fleire fagfelt, og skreiv avhandlingar i historie, økonomi og statsvitskap. Hovudbodskapen var at konflikt mellom klassane var den viktigaste drivkrafta i samfunnet. Han peikte på at alle samfunn hadde ein overklasse, som kontrollerte økonomien og med det hadde makta i samfunnet, og ein underklasse - proletariatet - som måtte kjempe for rettane sine.

Han beskreiv forholdet mellom dei sosiale klassane i samfunnet som klassekampen mellom "dei som har" og "dei som ikkje har". Det har gjort at han har fått ry som ein av dei fremste klassikarane blant sosiologane, sjølv om han ikkje såg seg sjølv som sosiolog. Han introduserte òg ein av dei mest sentrale sosiologiske teoriane, nemleg konfliktteorien.

Herbert Spencer (1820-1903)

Spencer tok utgangspunkt i Darwin sin utviklingsteori. Han meinte at dei lovane som gjaldt for dei biologiske artane sitt opphav og utvikling, også gjaldt for utviklinga av samfunnslivet frå dei enkle nomadesamfunna til det komplekse industrisamfunnet. Spencer var utviklingsoptimist. Han meinte at den teknologiske og økonomiske utviklinga som følgde med industrisamfunnet, ville gje menneska eit rikare tilvære.

Emile Durkheim (1858-1917)

Portrett av Émile Durkheim. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Durkheim såg på samfunnet som ein "organisme " som var sett saman av fleire ulike delar, kvar med sin eigen funksjon. Når alle delane av samfunnet fungerte, var samfunnet i ein "normal" situasjon. Uro og konflikt var derimot teikn på noko unormalt, at samfunnet var sjukt.

Durkheim meinte det skulle vere en klar samanheng mellom teoriar og hypotesar, og alle stega i forskingsprosessen skulle dokumenterast. Konklusjonen einkom fram til, skulle kunne etterprøvast av andre forskarar. Dette idealet gjeld framleis i forsking i dag.

Max Weber (1864-1920)

Weber arbeidde og innafor fleire fag. Han var eining med Marx i mykje, men på eitt punkt var han ueinig. Medan Marx hevda at økonomi var den faktoren som hadde størst betyding for endringar i samfunnet, meinte Weber at religion var langt viktigare. Weber hevda at det trussystemet som den romersk-katolske kyrkja bygde læra si rundt, førte til at katolikkane levde eit liv som sjeldan braut med tradisjonane. Protestantismen, derimot, oppmuntra menneska til endring. Etter grundige studium av fleire land, konkluderte han med at det var protestantismen si ånd som skapte kapitalismen. Protestantismen kravde at menneska skulle arbeide hardt, spare pengar og investere dei for å tene meir.

I Noreg kjenner vi dette frå dei religiøse vekkingane Hans Nielsen Hauge stod for. Han forkynte kristendom gjennom reisene sine i Noreg, og talte om at menneska måtte arbeide hardt, vere nøysame, spare og investere pengane sine i nye verksemder. Nesten overalt der han reiste, blei det skapt ny industri.

Sjølv om mange er kritiske til Weber sine teoriar om protestantismen og kapitalismen, er det einigheit om at han har betydd mykje for utviklinga av faget. Han viste kor stor betyding religion og kultur hadde i menneska sine liv, og kor viktige desse faktorane er i samfunnet.

Talcott Parsons (1902-1979)

I moderne samfunnsvitskap har påverknaden frå amerikansk samfunnsvitskap vore betydeleg. Parsons er ein amerikansk samfunnsvitar som har sett spor etter seg. Forskinga hans har betydd mykje for utviklinga av eit samfunnsvitskapeleg omgrepsapparat.

Parsons hadde ein tverrfagleg bakgrunn, frå biologi, filosofi og økonomi, i tillegg til samfunnsvitskap. Denne breie bakgrunnen var kanskje noko av årsaka til at han såg på samfunnet på same måte som Durkheim: som ein mekanisme.

Han var oppteken av korleis samfunnet fungerte, og utvikla teoretiske omgrep. Først for å studere individuell handling, og etterkvart til sosiale system. Det var Parsons som ga omgrep som "norm", "rolle" og "sosialisering" eit namn, omgrep vi framleis nyttar i faget.

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Teori og empiri