Hopp til innhald

Fagstoff

Klassisk sosiologisk studie – Émile Durkheim sin studie av sjølvmord

I eitt av hovudverka sine, Selvmordet frå 1897, forsøkjer Durkheim å forklare kvifor enkeltmenneske gjer sjølvmord. I denne analysen brukte Durkheim hypotetisk-deduktiv metode. Vi skal ta utgangspunkt i Émile Durkheim sin studie av årsakene til sjølvmord for å beskrive denne metoden.
Portrett av Émile Durkheim. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Émile Durkheim (1858-1917)

Émile Durkheim var ein fransk filosof og pedagog som blir rekna som ein av sosiologien sine grunnleggjarar. Durkheim var professor i samfunnsfag og pedagogikk, og hadde virket sitt frå midten av 1880-åra til han døydde i 1917.

Dette var ei tid med store samfunnsendringar i Europa. Alle land opplevde i større eller mindre grad endring frå eit samfunn prega av landsbygd og jordbruk, til eit samfunn prega av byar og industri. Durkheim var særleg oppteken av å prøve å forstå kva som skjedde med samfunnet gjennom desse endringane, og av kva som knytte menneska saman og skapte samfunn. Han meinte at folk blei knytte saman av ei felles oppfatning om samfunnet rundt.

Eitt av dei viktigaste bidraga hans til å gjere sosiologien til ei vitskapsretning, var oppstillinga og bruken hans av metodisk framgangsmåte for å forstå og analysere samfunn. Émile Durkheim tok utgangspunkt i metodetenkinga i naturvitskapane, og tilpassa dette til studiar av samfunnsforhold.

Durkheim peikte på at samfunnsvitaren sine oppgåver var tredelte:

  1. Forståing. Kva er menneska si felles oppfatning av samfunnet? Kva for sosiale hendingar og førestillingar er grunnleggjande i samfunnet? Durkheim kallar dette sosiale ting.
  2. Analyse av funksjonar. Kva for oppgåver blir gjort i samfunnet? Kven utfører dei, og korleis blir dei utførte?
  3. Årsakssamanhengar. Ikkje minst må samfunnsvitaren forsøke å avdekkje årsakene til at ting skjer. Kvifor gjer eit samfunn ting slik dei gjer det? Samfunn blir òg bundne saman av korleis og kvifor dei løyser oppgåver.

Studie av sjølvmord

Durkheim sin studie av sjølvmord i Europa er sett på som eit skuledøme i sosiologisk forsking. Han hadde observert at talet på sjølvmord var høgare i enkelte folkegrupper enn i andre. Å undersøkje og analysere førekomsten av sjølvmord blei temaet hans. Han ønskte å forklare desse variasjonane, og stilte seg spørsmålet: Kva for eigenskapar er det ved sosiale grupper som aukar, eventuelt reduserer, risikoen for at ein person skal ty til sjølvmord som den endelege løysinga på ein vanskeleg situasjon? Det blei hans problemstilling.

Han gjekk så vidare og innsnevra problemstillinga til ein modell. Ein modell er ei mogleg forklaring eller forenkla framstilling av dei viktigaste årsakene til at noko skjer. Durkheim tenkte seg at det er banda til dei sosiale omgjevnadene som først og fremst reduserer risikoen for sjølvmord. Personar som er knytte til sosiale grupper prega av sterkt samhald, vil derfor vere mindre disponerte for sjølvmord enn personar som har ei svakare tilknyting til dei sosiale omgjevnadene. Samhald i ulike sosiale grupper vil kunne påverke menneska sine handlingar og åtferda deira.

Det neste steget hans i undersøkinga var å formulere ei rekkje påstandar om moglege samanhengar i modellen. Slike påstandar kallar vi hypotesar. Ein av hypotesane han formulerte var slik: Protestantiske miljø er meir prega av individualitet enn katolske miljø. Derfor finn vi sannsynlegvis høgare sjølvmordsratar hos protestantar enn hos katolikkar. For at modellen skulle vere gyldig, måtte samanhengen som blei formulert i hypotesen, vere riktig. Dersom hypotesen ikkje blei bekrefta, var det grunn til å tru at modellen var gal.

Hypotesar

Når ein hypotese skal testast, må vi samle inn data (opplysningar) om dei fenomena vi skal undersøkje. Durkheim samla inn data om sjølvmord i protestantiske og katolske delstatar i Tyskland. Sjølvmordsraten viste seg å være klart høgare i dei protestantiske delstatane enn i dei katolske, noko som bekrefta hypotesen. Desse funna blei òg bekrefta av liknande undersøkingar i protestantiske og katolske miljø i Sveits og Frankrike. Durkheim hadde no ein rimeleg grunn til å tru at hypotesen var riktig. Men for å vere på den sikre sida formulerte han fleire hypotesar med utgangspunkt i den generelle modellen om at jo svakare sosiale band, jo større risiko for sjølvmord. To av hypotesane er beskrivne nedanfor.

Hypotese 1

Gifte menn har sterkare sosiale band enn ugifte menn. Det vil følgjeleg vere færre sjølvmord blant gifte menn enn blant ugifte.

Hypotese 2

Gifte menn med barn har sterkare sosiale band enn gifte menn utan barn. Det vil derfor vere færre sjølvmord blant gifte menn med barn enn blant gifte menn utan barn.

Hypotesane blei bekrefta, og Durkheim kunne konkludere med at den generelle modellen hans var riktig.

Teori og empiri

Durkheim hadde observert at talet på sjølvmord varierte mellom ulike folkegrupper. Han hadde også ein ide om at dette kunne forklarast med utgangspunkt i styrken av samhald i dei enkelte folkegruppene. Men dette var uansett berre ein ide. For at det skulle vere sannsynleg at det var slik, måtte han få det bekrefta gjennom empiri, data som er innhenta ved eit eksperiment eller ved observasjon.

Då Durkheim hadde fått bekrefta hypotesane sine, kunne han med stort sannsyn konkludere med at ideen hans var gyldig, og at han dermed kunne formulere ein teori om at samhald i ulike sosiale grupper vil kunne påverke menneska sine handlingar og åtferda deira.

Dermed kan vi også konkludere med at ein teori ikkje er gyldig viss han ikkje kan “bevisast” gjennom empiri.

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Teori og empiri