Hopp til innhald
Oppgåve

Oppsummerande oppgåver – trådlaus kommunikasjon

Løys oppsummerande oppgåver om trådlaus kommunikasjon.

Oppgåve 1. Dra og slepp bileta til rett omgrep

Oppgåve 2. Vel den påstanden som er rett

Oppgåve 3. Øvingsoppgåver

  1. Gi døme på kva vi bruker trådlaus kommunikasjon til i kvardagen.
  2. Kva slags type stråling er radiobølger?
  3. Samanlikn bølgelengde og frekvens hos radiobølger med andre typar EM-stråling.
  4. Kva bruksområde eignar radiobølger seg til?
  5. Forklar kva vi meiner med bølgelengde og frekvens.
  6. Kva er samanhengen mellom frekvens og bølgelengde?
  7. Korleis kan vi overføre informasjon ved hjelp av radiosignal?
  8. Kva er AM og FM? Kvifor er det vanlegare å bruke FM enn AM?
  9. Gi døme på ulike antennedesign. Kva fordelar og ulemper har dei ulike antennedesigna?
  10. Kvifor reknar vi med at radiobølger ikkje er helsefarlege?
  11. Kva kan vere problemet med bruk av radiobølger?
  12. Kvifor kan ein ikkje sende signal på den frekvensen ein sjølv vil?
  13. Gi nokre døme på bruk av radiosignal i ulike frekvensområde.
  14. Kvifor har radiobølgene frå den trådlause ruteren heime kortare bølgelengde og høgare frekvens enn signal som blir brukte til DAB-radio?

Oppgåve 4. Skriv ein kort tekst

Skriv ein kort tekst om trådlaus kommunikasjon, der du bruker så mange av orda frå oppgåve 1 som mogleg.

Oppgåve 5. Tekstmelding til læraren 😁

Du sender ei tekstmelding til læraren din. Ta utgangspunkt i figuren, og forklar kva som skjer frå den augneblinken du trykker "send", og til meldinga blir motteken.