Hopp til innhald

Fagstoff

Trådlaus kommunikasjon med radiosignal

Vi ser stadig sjeldnare at digitale komponentar må koplast saman med leidningar. Den trådlause revolusjonen starta på 1990-talet, men hadde sin spede start med utforsking av radiosignal hundre år tidlegare.

Radiosignal – frå teori til vår viktigaste form for kommunikasjon

Dei fleste av oss har mobiltelefonen med overalt der vi går. Mykje av kvardagen avheng av at han har nok straum, at han er kopla til nettet, og at appane fungerer. Med mobiltelefonen kommuniserer vi trådlaust med betalingsterminalar, billettsystem, TV-en, øyreproppar, bilen, belysninga heime, vener og mykje meir. Å kome dit vi er i dag, har teke over 100 år, og det heile starta med ein teori om radiosignal.

Radiobølgjer blei først beskrivne teoretisk av fysikaren James Clerk Maxwell rundt år 1870. Han meinte radiobølgjer ikkje kom til å ha nokon praktisk nytte. Nokre år seinare laga fysikaren Heinrich Hertz ein radiosendar og -mottakar som kunne bevise at radiobølgjene eksisterte. Det fungerte berre med kort avstand mellom sendar og mottakar.

Det var Guglielmo Marconi som først klarte å sende radiosignal over lange avstandar. I desember 1901 sende han, ved hjelp av telegraf, dei første radiosignala over Atlanterhavet. Då Titanic gjekk ned i 1912, blei over 700 menneske redda takka vere Marconis telegrafsystem, som var installert i skipet.

Guglielmo Marconi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Radiobølgjer – elektromagnetisk stråling

Radiobølgjer er elektromagnetisk stråling. Med ein sendar og ein mottakar kan ein kommunisere trådlaust over store avstandar. Stjerner som er fleire hundre millionar lysår unna, sender ut radiobølgjer vi kan fange opp her på jorda. Når du får ein ny mobiltelefon, kan du leggje den gamle oppå den nye, så blir data overførte trådlaust ved hjelp av radiobølgjer.

Plansje som viser bølgelengder til et spekter av elektromagnetisk stråling fra radiobølgjer til gammastråling. Illustrasjon.

Bølgjelengd og frekvens bestemmer rekkjevidda

Radiobølgjer har bølgjelengder mellom 1 mm og 100 km. Når vi tidlegare stilte inn radioapparatet på ein bestemt kanal, var det frekvensen vi søkte etter. Bølgjelengd og frekvens for elektromagnetisk stråling er omvendt proporsjonale. Frekvens fortel kor raskt ei bølgje forplantar seg. Når frekvensen aukar, blir bølgjelengda kortare.

Radiobølgjer er ufarleg elektromagnetisk stråling

Elektromagnetisk stråling oppstår i mellom anna lyspærer, mobiltelefonar, Wi-Fi og mikrobølgjeomnar. Denne strålinga blir rekna som ufarleg, sidan ho ikkje har nok energi til å gjere skade på cellene i kroppen. Nokre fryktar det nye 5G-nettet, men feltet frå dette nettet er svakare enn det som oppstår i lyspærer, og dei færraste av oss mistenkjer lyspærer for å forårsake helseproblem. Det du heller bør vere på vakt for, er at uvedkomande klarer å fange opp dei radiosignala du sender, eller at du kanskje får uønskt informasjon i form av radiobølgjer.

CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 06.08.2020

Læringsressursar

Trådlaus kommunikasjon