Forsøk
Forsøk: Kan du stoppe radioaktiv stråling?
Formålet med dette forsøket er at du skal gjere deg kjend med dei ulike typane radioaktiv stråling og kva som skal til for å stanse dei.
- geigerteljar
- radioaktive kjelder (alfa, beta, gamma)
- ulike gjenstandar som kan stanse strålinga (kjøtpålegg, papir, metallplater osv.)
- Begynn med å måle bakgrunnsstrålinga. Det gjer du ved å måle kor mykje aktivitet geigerteljaren registrerer utan at du har noka strålingskjelde i nærleiken. Du kan måle radioaktiv stråling ved å telje talet på tikk (kjerneomdanningar) i løpet av til dømes 30 sekund. Noter resultatet.
- Plasser så strålingskjeldene framfor Geiger-Müller-røyret, slik at du får ein tydeleg auke i aktiviteten. Mål avstanden mellom kjelda og røyret, og noter aktiviteten når strålinga berre går gjennom luft. Vidare skal du prøve å stanse strålinga gjennom å plassere ulike gjenstandar mellom strålekjelda og røyret (detektoren).
Betakjelda
- Når du held ei tynn pølseskive mellom ei betakjelde og geigerteljaren, høyrer du kanskje at tikkinga blir langsamare. Kor mange lag med pølseskiver må til før aktiviteten blir omtrent som bakgrunnsstrålinga?
- Papir: Kor mykje papir må du bruke for å stanse strålinga?
- Gammakjelda: Set inn éi og éi blyplate mellom kjelda og Geiger-Müller-røyret. Kor tjukt blylag må du bruke før aktiviteten er omtrent som for bakgrunnsstrålinga?
- Alfakjelda: Kva skal til for å stoppe strålinga frå alfakjelda? Nøter avstandar og kva materiale du bruker.
- Presenter resultata frå forsøka dine.
- Drøft kva resultata inneber, og vurder moglege feilkjelder.
Relatert innhald
Fagstoff
Stråling frå radioaktive kjelderAll radioaktiv stråling oppstår ved endringar i ustabile atomkjernar, som kan sende ut fleire typar stråling når dei går over til meir stabile former.
Oppgåver og aktivitetar
Forsøk: Radioaktivitet (simulering)I denne simuleringa skal du undersøke ulike radioaktive kjelder, teste rekkevidda av strålinga og sjekke gjennomtrengingsevna.