Øvingsoppgåver – ioniserande stråling
Kva skjer med atomnummeret og nukleontalet til eit radioaktivt grunnstoff som sender ut:
- ein alfapartikkel?
- ein betapartikkel?
Korleis blir:
- protontalet og
- nøytrontalet
til ein kjerne endra når kjernen sender ut ein alfapartikkel?
Korleis blir:
- protontalet og
- nøytrontalet
til ein kjerne endra når kjernen sender ut ein betapartikkel?
Forklar kva for ein av kjernereaksjonane som er α-stråling, og kva for ein som er β-stråling.
84 210 P o → 82 206 P b
Når ein radiumkjerne sender ut ein alfapartikkel, får vi denne reaksjonslikninga:
88 226 R a → 86 222 R n + H 2 4 e - Forklar kva tala står for.
- Kor mange nøytron er det til saman i kjernane før og etter reaksjonen?
- Kva er det som blir bevart under reaksjonen?
- Kva vil det seie at halveringstida for radium er 1600 år?
- Kor lang tid går det før eit metallstykke på 2 g radium inneheld berre 1 g radium, mens resten av metallstykket er gjord om til andre grunnstoff?
- Kor mange år går det før eit metallstykke på 2 g radium inneheld berre 0,25 g radium?
Vi måler strålinga frå eit radioaktivt stoff med ein geigerteljar.
Måling av stråling t/min
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
N
158
126
100
79
63
50
39
31
25
20
16
13
10
Tabellen viser korleis tikkinga per sekund (N) i geigerteljaren minkar med tida. Teikn grafen med N som funksjon av tida t og finn halveringstida for det radioaktive stoffet.
Kva har skjedd med radiumet som opphavleg var her på jorda?
- Kor lang tid vil det gå før alt uranet er borte?
- Kvifor er det heliumgass i gruver med uranhaldige mineral?