Forsøk
Forsøk: Radioaktivitet (simulering)
I denne simuleringa skal du undersøke ulike radioaktive kjelder, teste rekkevidda av strålinga og finne ut kor mykje av strålinga som kan trenge gjennom ulike materiale. Du kan opne simuleringa i fullskjermvising.
I dette forsøket skal du undersøke ulike radioaktive kjelder, teste rekkevidda av strålinga og finne ut kor mykje av strålinga som kan trenge gjennom ulike materiale.
- Bruk simuleringa over.
Mål bakgrunnsstrålinga:
- Slå på Geiger-Müller-teljaren og trykk på "Start".
- Noter verdien.
- Gjennomfør tre målingar, og rekn ut gjennomsnittet av desse målingane.
Gjennomfør målingar der du byter på å bruke alle dei tre radioaktive kjeldene og dei ulike materiala:
- Vel radioaktiv kjelde.
- Vel avstand.
- Vel materiale.
- Trykk "Start".
- Gjennomfør minst 3 målingar før du endrar avstanden.
- Gjennomfør minst 3 målingar med den nye avstanden før du byrjar på punkt A igjen, med ei anna radioaktiv kjelde.
Du kan registrere målingane i reknearket under.
Rekn ut kor stor del stråling (i prosent) som slepp gjennom ei hindring, i forhold til same type stråling utan at det er ei hindring til stades. (Det skjer automatisk i skjemaet under.)
Lag grafiske framstillingar av resultata.
- Kor sterk er bakgrunnsstrålinga, og kva kan dette kome av?
- Samanlikn kor store delar av strålinga som slepp gjennom ei hindring. Kva kan det fortelje oss om strålinga frå alfa-, beta- og gammastråling?
- Gjer greie for kva som skal til for å stoppe alfa-, beta- og gamma-strålinga.