Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nyheiter! Kva er siste nytt innan bioteknologi?

Forsking innan bioteknologi gir stadig nye og oppsiktsvekkjande resultat vi må ta stilling til, både som enkeltpersonar og som nasjon. Utforsk siste nytt innan bioteknologi. Vurder nyheita med eit etisk blikk, og presenter resultata dine i ei drøfting eller eit lesarinnlegg.
Nyheiter på mobiltelefonen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

I denne oppgåva skal du først utforske ei nyheit innan bioteknologi. Deretter skal du undersøkje kva moglegheiter og utfordringar som ligg i denne teknologien, og vurdere korleis vi skal ta stilling til han.

Noter stikkord i kvar del av oppgåva. Denne informasjonen treng du nemleg når du heilt til slutt skal presentere den etiske vurderinga di av temaet.

Del 1: Kva er etikk?

Les artikkelen "Etikk avgrensar bioteknologi". Han handlar om korleis ny forsking må ta omsyn til gjeldande lovverk og dei rammene det gir. Men kva retningslinjer skal vi bruke viss teknologien er så ny at det ikkje finst rammevilkår og lover?

Del 2: Kva meiner du?

  1. "Etikk er festbremsen til bioteknologien." Kva trur du denne påstanden betyr? Kva meiner du om det?
  2. Spør sidemannen kva han eller ho meiner. Lytt utan å kome med eigne argument.

Del 3: Siste nytt innan bioteknologi

Finn ei nyheit om bioteknologi. Det kan til dømes vere ny kunnskap om gen eller resultat frå utprøving av ei behandlingsform. Set deg inn i saka.

  • Korleis er diskusjonen rundt dette temaet?
  • Vurder påstandane til deltakarane i diskusjonen. Baserer dei synspunkta og argumenta sine på faktum?

Noter ned det du finn ut. Hugs å ta vare på lenkjene du tek informasjonen frå, slik at du kan vise til kjelder i teksten du skal skrive til slutt.

Tips!

Du kan kommentere om ei kjelde er truverdig, når du skal argumentere for eller mot temaet i nyheita du har valt. Gjer du det godt, kan det styrkje ditt eige truverd. Kven står bak informasjonen? Er avsendaren påliteleg, argumenta saklege og påstandane etterprøvbare?

Del 4: Kva seier bioteknologilova?

Finn ut kva bioteknologilova seier om temaet i nyheita du har valt. Bruk Lovdata.

  • Kva seier lova om temaet i nyheitssaka du har valt?
  • Kva gjer vi når det ikkje finst rammevilkår og lover?
  • Korleis skal vi ta avgjerder når vi ikkje veit?

Del 5: Korleis skal vi ta stilling til ny teknologi?

Det kan vere vanskeleg å ta stilling til ny teknologi, fordi det ofte er ein balanse mellom nytteverdien og risikoen ved bruk. Det er derfor viktig at vi tenkjer oss godt om.

Forklar kva som blir meint med føre var-prinsippet.

Del 6: Kva er den etiske vurderinga di av nyheita?

No kan du velje ei av oppgåvene nedanfor.

Oppgåve 1

Vurder nytteverdien og risikoen ved teknologien i nyheita du har valt. Skriv ei drøfting eller eit lesarinnlegg.

  • Kva er potensialet for nytte?
  • Kven vil ha nytte av denne teknologien?
  • Er denne teknologien tilgjengeleg for alle? Bidreg bruk av teknologien til større eller mindre rettferd i verda?
  • Kva er risikofaktorane, og korleis kan eventuelt desse minimerast?

Oppgåve 2

Når vi står overfor ny teknologi, utfordrar dette ofte synet vårt på naturen. Vurder korleis teknologien i nyheita du har valt, påverkar synet på mennesket og naturen. Skriv ei drøfting eller eit lesarinnlegg.

  • Viss vi tek i bruk denne teknologien, korleis skal vi definere "liv"?
  • Vil denne teknologien endre forholdet vårt til naturen?
  • Bør mennesket ha slik makt over naturen?
Tips til drøfting
  1. I ei drøfting bør du sjå på argument både for og mot saka. Og kanskje noko midt imellom òg? For verda er jo ikkje svart-kvit. Kanskje vil du få fram at løysinga ikkje er anten-eller, men noko midt imellom.
  2. Start med å lese deg opp på saka. Ver kjeldekritisk når du vel kva ressursar du vil bruke.
  3. Diskuter med medelevar. Kan du få tips og inspirasjon av dei? Dette gjeld særleg om dei har eit anna syn på saka enn deg.
  4. Skriv!
Tips til lesarinnlegg
  1. Skriv først ned ei setning der det kjem klart fram kva som er målet ditt med dette lesarinnlegget. Det kan hjelpe deg med å halde deg til den raude tråden i innlegget: "Målet mitt med dette lesarinnlegget er å …"
  2. Skriv ned det du meiner er dei viktigaste argumenta, i eit tankekart rundt eller under setninga. Pass på at argumenta faktisk støttar opp om det som er målet med lesarinnlegget.
  3. Eit godt triks for å overtyde er å tale til både hjartet og hovudet. Du bør altså kombinere fornuftsargument med argument som speler på kjensler. Til dømes bør du skrive ned nokre kjelder du vil bruke i lesarinnlegget ditt. Dersom du viser til tal og faktum, vil du ha meir truverd enn viss du berre skriv at "vi må slutte å ete kjøtt for å redde planeten".

Relatert innhald

Bioteknologilova gir rammer for kva som er tillate i bioteknologi. Iblant går forskinga raskare enn lovendringane. Etikk hjelper oss med å ta gode val.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 03.02.2021

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi