Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ciklosporin – eit livreddande legemiddel frå Hardangervidda

Moderne bioteknologi gjer oss i stand til å ta i bruk naturen på nye måtar. Ved å leite i ulike økosystem kan vi finne stoff som kan vere til nytte for oss. Men kven eig desse naturressursane?
Mikroskopbilete av lav.

Eit etisk dilemma

Ciklosporin er eit immundempande stoff som i dag blir brukt ved organtransplantasjon for å unngå avstøyting av nye organ. Stoffet blei i si tid isolert frå lav på Hardangervidda av forskarar frå eit sveitsisk legemiddelføretak. Dette føretaket tener årleg cirka 10 milliardar kroner på medisinen dei har utvikla. Han har medført ein revolusjon innan transplantasjonar og redda tusenvis av menneske.

Diskuter med ein medelev

  1. Kva er eit patent, og kva skal til for å få det innvilga?
  2. Drøft forskjellen mellom ei «oppdaging» og ei «oppfinning».
  3. Vi kan i dag ta patent på levande mikroorganismar – er det etisk riktig at det skal vere slik?
  4. Er det riktig at det skal vere gratis å hente genetiske ressursar som ciklosporin frå Noreg, eller burde vi fått betaling? Argument for og imot.
CC BY-SASkrive av Snöball Film AS og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 16.01.2021

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi