Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder argument om etiske problemstillingar i bioteknologi

Innanfor bioteknologi er det mange etiske problemstillingar. Det er mange argument for og imot at vi skal bruke genmodifiserte plantar, gentestar og fosterdiagnostikk, for å nemne noko. Vurder kva argument som er best, og gjer deg opp ei meining.

Velg ei etisk problemstilling

Eit argument er ei grunngiving som skal støtte eller forsvare eit standpunkt. Vel ein av filmane under, og ta utgangspunkt i standpunktet under filmen du har valt.

Del 1

Lag ei oversikt over kva argument som finst for og mot standpunktet.

  1. Gå saman i par eller grupper, og sortar argumenta de har funne. Lag ein kategori for argumenta som er for, og ein for argumenta som er imot.
  2. Sjå på argumenta saman, og bruk sjekklista nedanfor til å vurdere om argumenta er gode eller dårlege.
Sjekkliste for vurdering av argument

Kva skal du sjå etter?

Kva betyr det?

Korleis kan du vurdere det?

Er argumentet haldbart?

Er faktagrunnlaget riktig?


Er innhaldet i argumentet sannsynleg?

Vurder om tal og andre faktaopplysningar som argumentet byggjer på, stemmer.

Sjå òg etter overdrivingar og generaliseringar som forenklar og set ting på spissen.

Der du ikkje kan sjekke reine fakta, må du vurdere om samanhengar som argumentet baserer seg på, verkar sannsynlege.

Er argumentet relevant?

Har det med saka å gjere?

Vurder om argumentet eigentleg handlar om noko anna enn saka som blir diskutert.

Vurder om samanlikningar med andre situasjonar eller saker er rimelege.

Prøver argumentet å framstille ei anna problemstilling som viktigare?

Er argumentet sterkt nok?

Finst det sterkare motargument?

Vurder kva som skal til for å tilbakevise argumentet.

Er det brukt mykje skjult eller indirekte argumentasjon?

Bruker argumentet kjensler for å overtyde, i staden for å basere seg på fakta?

Sjå etter pluss- og minusord. Dette er ord som gir positive eller negative assosiasjonar, og dermed påverkar oss utan at vi merkar det.

Undersøk òg bruk av ironi og sarkasme.

Speler argumentet på frykt eller andre kjensler som kan få oss til å reagere sterkt?

Er det eit personangrep eller stråmannsargumentasjon?

Handlar argumentet om å snakke nedsetjande om motstandaren?

Angrip argumentet synspunkt som motstandaren ikkje har?

Vurder om argumentet berre handlar om motstandaren og ikkje gir nye saksopplysningar.

Vurder om motstandaren faktisk har dei synspunkta eller eigenskapane som argumentet angrip.

Del 2

Etter å ha sortert og vurdert argumenta skal de rangere dei.

Argument for

Argument mot

Del 3

Kva standpunkt landar du på, etter å ha vurdert og rangert argumenta? Grunngi svaret ditt.

På kva måte hjelpte rangeringa deg med å lande på eitt av standpunkta i denne debatten?

Del 4

Gjennomfør ein debatt i klassen der nokon som er for standpunktet, debatterer med dei som er mot standpunktet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2020

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi