Gen, kromosom og DNA
Sjølv om cellene i tarm, auge og nerver har identisk DNA, har dei svært ulike eigenskapar. Funksjonen til cella er styrt av kva gen som er aktive. Derfor er det berre celler i spyttkjertlane som har aktive gen for produksjon av enzym til spyttet. Desse gena er ikkje aktive i nokon andre celler i kroppen. Muskelceller må blant anna produsere fiberprotein og har derfor heilt andre gen som er aktive.
Metylering
Gen som ikkje skal vere aktive, blir blant anna dekte av metyl () slik at genet ikkje blir leseleg. Da seier vi at gena er "maskerte" eller "slått av". Gen blir slått av og på i same celle etter kva protein det er behov for å produsere til kvar ei tid. Til dømes kan påverknad frå hormon slå av og på gen. Dette gjeld kortvarig regulering. Andre gonger blir gen slått av for alltid.
Alle gen som styrer fosterutviklinga, blir "slått av" etter kvart som deira stadium er passert. Når barnet er født, blir desse gena aldri aktive igjen.
Miljøpåverknad har også betyding for kva gen som er aktive, og slike epigenetiske endringar kan gå i arv.
Det genetiske alfabetet er kort, med berre 4 "bokstavar": A, C, T og G. Likevel er dette nok til å formidle informasjon om korleis ein kropp skal vekse, og om alle dei proteina både du og alle andre organismar treng for å fungere.
Det menneskelege arvematerialet (genomet) består av cirka 25 000 gen og cirka 3 milliardar basepar. Kroppscellene våre har to sett med gen som er fordelte på 46 kromosom, – 23 par kromosom som parvis har gen for dei same eigenskapane.
Alle gen blir arva ned uforandra, men den store mengda gen som finst i fleire utgåver, gjer at kvart individ får sin unike kombinasjon av arveanlegg.
Sjølve DNA-molekylet liknar ein tvinna taustige der "stigebeina" består av sukker og fosfat, mens "trinna" i stigen består av organiske molekyl som blir kalla nitrogenbasar.
Til kvart sukkermolekyl er det bunde ein nitrogenbase. I DNA finst det fire ulike typar nitrogenbasar: adenin (A), tymin (T), guanin (G) og cytosin (C). Nitrogenbasane er bunde saman to og to med hydrogenbindingar.
Det er bestemte basar som høyrer saman. Adenin vil berre binde seg til tymin, og guanin vil alltid binde seg til cytosin. Basepara C-G og A-T vil dermed danne trinna i stigen.
Rekkefølgja og utvalet av nitrogenbasane i eit gen bestemmer kva aminosyrer som skal byggast inn i eit protein. Dette kodesystemet er likt for alle organismar på jorda.
Gen varierer i storleik frå det minste genet på 150 basar, til over 1 million basar. Kromosoma har også svært ulik storleik, der Y-kromosomet er minst og kromosom nummer 1 er størst.
Relatert innhald
I dette forsøket bruker vi mjølke frå fisk. Prinsippet for øvinga er å skilje oppløyst DNA frå dei andre hovudkomponentane i mjølka.