Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Genetisk hjul

Formålet med dette forsøket er at du skal bli meir bevisst på genetisk variasjon og det store talet eigenskapar vi har. Du skal trene på å bestemme genotypen og sjå samanheng mellom genotype og fenotype.
Desse oppgåvene er visuelle øvingar, og nokre brukarar kan ha problem med å gjennomføre dei. Du kan finne alternativt innhald i artikkelenKrysning og arv – programmering i Python

Genetisk hjul

Eit genetisk hjul er eit verktøy vi kan bruke for å illustrere genetisk variasjon. Når du bruker hjulet, kan du beskrive genotypen og fenotypen for nokre utvalde eigenskapar hos deg sjølv. Du startar i den inste sektoren og jobbar deg utover, samtidig som du skraverer/markerer dei eigenskapane du har. I det genetiske hjulet vårt skal du undersøke følgande eigenskapar:

  • Øyreflippar: Nokon har tydeleg frie øyreflippar (Ø-), mens andre har øyreflippen festa innåt kjaken (øø).

  • Bøygd veslefinger: Hos nokon er det ytste leddet på veslefingeren bøygd innover mot ringfingeren (B-). Hos andre er ikkje leddet bøygd (bb).
  • Haiketommel: Nokon kan bøye det ytste leddet på tommelen utover slik at vinkelen til leddet innanfor (tt) kjem ned mot 45º. Hos andre er tommelen rett (T-).
  • Hår: Nokon har hår på midtleddet på fingrane (H-), andre har det ikkje (hh).
  • Frekner: Nokon har frekner (F-), andre har det ikkje (ff).

Framgangsmåte

  1. Skriv ut det genetiske hjulet ut på papir. Jobb gjerne saman med ein annan.

  2. Start i sentrum av det genetiske hjulet.

  3. Ta for deg ein og ein av dei eigenskapane som er nemnde, og kryss av for dei eigenskapane som du sjølv har. Til slutt kjem du fram til eit tal ytst på hjulet.
  4. Etter at heile klassen har fullført, kan du finne ut om nokon har fått same tal.

Vurderinger

  • Om nokon har fått same tal, kan du sjå om dei personane er meir like kvarandre enn dei andre i klassen?
  • Ville dei fått like tal dersom eigenskapane som står inst og ytst i sirkelen vart bytta om?
  • Vi kan føye til ein eigenskap (eller bytte ut); til dømes folding av hendene med høgre (dominant) eller venstre tommel øvst. Korleis påverkar det resultatet?
  • Dette hjulet registrerer berre 6 av omtrent 22 000 gen, så kor mykje fortel slike tal som i dette eksperimentet om lik arv og slektskap?

Døme

Figuren viser det genetiske hjulet til ei jente som har frie øyreflippar, rett veslefinger, haiketommel, manglar hår på midtleddet til fingrane og har frekner. Ho får talet 15.

Tips

På slike genetiske hjul fargelegg ein den eine av dei to eigenskapane ein kan velje mellom på skjemaet: frie eller faste øyreflippar, brune eller blå auge og så vidare. Talet ein endar opp med, vil forandre seg viss ein byter rekkefølge på eigenskapane, eller om ein set inn andre eigenskapar.

  • Det genetiske hjulet

  • Relatert innhald

    Fagstoff
    Gen, kromosom og DNA

    Alle cellene i kroppen vår har dei same gena, men det er berre nokon, og ikkje dei same, gena som er aktive i kvar celle.