Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Utforsk planteceller

Lag mikroskoppreparat av ulike planteceller, og bli kjend med oppbygging og indre struktur hos planteceller.
Biletkollasj som viser eit mikroskop og eit mikroskopbilete av ei celle frå mose. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formål

Bli kjend med oppbygging og indre struktur hos planteceller ved å studere celler hos lauk og mose. Desse cellene er i utgangspunktet fargelause, men vi tilset fargestoff for å få betre kontrast.

Utstyr
  • lauk (gul eller raud)

  • mose (fagermose og torvmose er godt eigna)
  • fortynna jodløysing
  • skalpell
  • objektglas
  • dekkglas
  • filterpapir
  • dropeteljar
  • mikroskop

Framgangsmåte

Lag mikroskopipreparat av dei ulike plantane.

Del 1. Gul eller raud lauk

På innsida av eit laukskjel finn du eit hudlag som berre er eitt cellelag tykt. Dette eignar seg svært godt som mikroskopipreparat. Viss du bruker vanleg gul lauk (kepalauk), bør du tilsetje ein drope jodløysing for å få meir kontrast i biletet. Dette er ikkje nødvendig ved bruk av raudlauk.

Den tynne laukhuda på innsida av eit laukskjel. Foto.
Mikroskopbilete som viser laukceller som dannar tett vev. Foto.
  1. Snitt med ein skalpell (cirka 1 x 1 cm) på innsida av eit laukskjel. Bruk pinsett til å losne laukhuda. Dersom laukbiten er så tynn at han er nærast gjennomsiktig, har du gjort rett.

  2. Viss du bruker gul lauk, drypp ein drope fortynna jodløysing på eit objektglas. Legg hudbiten forsiktig ned i jodløysinga. Hudbiten bør vere mindre enn objektglaset. La løysinga trekkje inn i laukhuda eit par minutt før du legg på dekkglaset.
  3. Legg forsiktig på dekkglaset utan å trykkje på det. Bruk filterpapir til å trekkje ut overflødig farge.
  4. Studer preparatet i mikroskopet. Start med den lågaste forstørringa, og auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete.
  5. Tips! Bruk blender og kondensor slik at du får sjå flest mogleg detaljar.
  6. Ta gjerne bilete med mobiltelefonen gjennom okularet.

Del 2. Mose

Nærbilete av fagermose. Foto.
Mikroskopbilete som viser celleveggar og kloroplastar i ei mosecelle. Foto.
  1. Dryp ein drope vatn på eit objektglas og legg eit lite blad av mosen i dropen.

  2. Legg forsiktig på dekkglaset utan å trykkje på det. Bruk filterpapir til å trekkje ut overflødig farge.

  3. Studer preparatet i mikroskopet. Start med den lågaste forstørringa og auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete.

  4. Ta gjerne bilete med mobiltelefonen gjennom okularet.

Resultat og vidare arbeid

  1. Kva strukturar og celleorganellar kan du finne i ei plantecelle?

  2. Prøv å identifisere ulike organellar og cellestrukturar, og set på namn. Du kan anten bruke bileta du har teke, og setje namn på dei ulike strukturane der, eller du kan lage ei skisse som du skriv på.

  3. Kva funksjon har dei ulike organellane og cellestrukturane? Noter ned nokre stikkord for kvar struktur.

  4. Fekk du observert alle strukturane som byggjer opp ei dyrecelle? Grunngi svaret ditt.

  5. Beskriv fasongen til plantecellene, og berekn storleiken på dei. Ved hjelp av millimeterpapir kan du finne storleiken på synsfeltet du har gjennom mikroskopet. Dette er eit godt hjelpemiddel for vidare å finne storleiken på cella du observerer.

  6. Kva forskjellar ser du mellom laukceller og moseceller?

Tips!

Dette er ein fin aktivitet å kombinere med Forsøk: Utforsk eigne celler for å samanlikne og forstå forskjellen på dei ulike eukaryote cellene.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Bjørg E. B. Aurebekk og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Arvestoffet