Hopp til innhald
Oppgåve

Døme på eksamensoppgåver for påbygg

Her finn du døme på ulike oppgåver du kan få til munnleg-praktisk eksamen i naturfag. Øv åleine eller saman med andre, og bli best mogleg førebudd!

Korleis er eksamensoppgåvene utforma?

Eksamensoppgåva består gjerne av eit breitt tema som dekker mange av kompetansemåla i naturfag. Saman med oppgåva kan du få gitt opp ei liste med forsøk eller andre praktiske oppgåver som du kan bli eksaminert i.

Du bruker førebuingstida til å setje deg inn i det temaet du har fått, og forsøka du har fått gitt opp.

Oppgåve 1. Bruk av bioteknologi

Lag ei problemstilling eller ei oppgåve om bruk av bioteknologi, og drøft etiske spørsmål knytte til bioteknologi. På sida Vurder argument om etiske problemstillingar i bioteknologi finn du døme på problemstillingar du kan ta utgangspunkt i.

Aktuelle stikkord

  • Kva er DNA?

  • Kva er samanhengen mellom gen, kromosom, DNA og eigenskapar?
  • Korleis kan eigenskapar gå i arv frå generasjon til generasjon?
  • Arv og miljø
  • Kva er bioteknologi?

  • Døme på bruk av bioteknologi

  • Vel eit døme på bruk av bioteknologi som du presenterer i meir detalj:
    • Kva er prinsippa bak teknologien?
    • Kva blir han brukt til i dag?
    • Kva mogelegheiter kan han gi i framtida?

    • Kva etiske spørsmål reiser bruk av denne teknologien?
    • Drøft aktuelle fordelar og ulemper.
    • Gi din eigen konklusjon der du veg fordelar opp mot ulemper.

  • Bruk av programmering. Kan du bruke programmering for å belyse nokre av problemstillingane dine? Sjå til dømes artikkelen Krysning og arv – programmering i Python

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Genetisk hjul

Forsøk: Isoler ditt eige DNA

Forsøk: Mikroskop – innstilling og bruk

Forsøk: Oppbygginga til laukcella

Forsøk: Utforsk eigne celler

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • beskrive DNA og korleis eigenskapar blir arva, og gjere greie for korleis arv er ein føresetnad for evolusjon

  • gi døme på bruk av bioteknologi og drøfte etiske spørsmål knytte til bioteknologi

  • drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda

  • vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen

Oppgåve 2. Mytar og faktum om stråling

Lag ei problemstilling eller ei oppgåve om stråling, eller ta utgangspunkt i casen under.

Case: Nabo som er skeptisk til stråling

Tenk deg at du har ein nabo som har store helseplager. Vedkommande meiner dette kjem av stråling frå trådlause nettverk, og hen vil at alle naboane skal skru av dei trådlause netta sine og gå over til kabla internett. Foreslå moglege løysingar på denne situasjonen.

Aktuelle stikkord

  • Beskriv nokre sentrale bølgefenomen.
  • Forklar hovudprinsippa for trådlaus kommunikasjon.
  • Gi døme på kva slik teknologi blir brukt til.

  • Ta utgangspunkt i påstandar om stråling og diskuter desse med bakgrunn i fagkunnskap, gjerne kopla til nokre av forsøka i lista under.
  • Bruk av programmering. Kan du bruke programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine? Sjå til dømes artikkelen Bryting og overlagring – programmering.

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Laserlys i vasstråle

Forsøk: Lysbryting (simulering)

Forsøk: Lys, fargar og fargesyn (simulering)

Forsøk: Kor effektiv er solkremen?

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda

  • vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen

  • utforske og beskrive nokre sentrale bølgjefenomen

  • forklare hovudprinsippa for trådlaus kommunikasjon og gi døme på kva slik teknologi blir brukt til

  • utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserande stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffektar av ulike strålingstypar

Oppgåve 3. Miljøet rundt oss

Lag ei problemstilling eller ei oppgåve som tek for seg sentrale miljøproblem, som klimaendringar eller miljøgifter, i Noreg og verda i dag.

Aktuelle stikkord

  • Kva går problemet ut på?

  • Kvifor og korleis har det blitt eit problem?

  • Kva kan vi gjere for å løyse problemet?

  • Korleis kan klimaendringar og ande miljøpåverknader påverke evolusjon?

  • Kva rolle har teknologi når det gjeld å løyse slike problem? Kan teknologi òg vere med på å skape problem?

  • Bruk av programmering. Kan du bruke programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine? Sjå til dømes artikkelen Akkumulering av miljøgift – modellar.

Forsøk

Forslag til forsøk

Vurder miljøtilstanden i vatn og vassdrag (utvalde målingar)

Feltarbeid: Abiotiske og biotiske forhold i bekkar og elver

Naturleg utval med spelet Peppered moths (spel spelet for å skaffe rådata)

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda

  • gjere greie for korleis klimaendringar påverkar evolusjon, utbreiing av artar og biologisk mangfald

  • beskrive DNA og korleis eigenskapar blir arva, og gjere greie for korleis arv er ein føresetnad for evolusjon

  • gjere greie for korleis nokre miljøgifter kan akkumulerast i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø

  • vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i naturfag (NAT01‑04). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nat01-04