Forsøk: Vi undersøker hudpleieprodukt
Undersøk pH i vanlege hudpleieprodukt, og finn ut om dei held hudas naturlege pH.
Føremål
I dette forsøket skal de undersøke hudpleieprodukt som vi bruker til dagleg.
Bakgrunn
Hudas gjennomsnittlege pH er 5,5. Feil bruk av hudpleieprodukt kan øydelegge hudas naturlege pH.
Utstyr
- pH-strips eller pH-meter
- hudpleieprodukt som elevane sjølv har teke med
Framgangsmåte
- Mål pH-en i produktet ved å dyppe stripsen nedi produktet.
- Finn pH-en ved å samanlikne stripsen med skalaen på pakninga.
Resultat
- Lag ein pH-skala og set inn pH-verdien på dei produkta klassen har teke med.
Lag ein tabell der de legg inn følgande opplysningar om to av produkta:
- Kva skal produktet brukast til?
- Korleis skal produktet brukast?
- Kva "oppnår" ein når ein bruker dette produktet?
- Kan produktet gi allergiske reaksjonar?
- Er produktet miljøvennleg?
Oppgåver og diskusjon
- Forklar kva ei syrekappe er, og korleis ho blir danna.
- Kva meiner vi med normalflora?
- Kvifor er det så viktig at hudas pH er 5,5 og ikkje nøytral (pH = 7)?
- På kva måte kan vi forstyrre normalfloraen og øydelegge syrekappa?
Vidare arbeid
Bruk dei følgande nettsidene til å finne ut meir om paraben, og jobb med oppgåvene.
- Finn ut kva paraben er.
- Kva skade kan desse parabena gjere?
- Finn de nokon av desse parabena i dei produkta de har undersøkt?
Tenk dykk at de kan velje mellom å kjøpe ein av desse hudkremane:
billeg hudkrem med paraben
dyr hudkrem utan paraben
Hudkremane er elles heilt like. Kva hudkrem ville de ha valt? Diskuter.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Mette Sunde Kleive og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2020