Ta vare på huda
Symptom på tørr hud kan vere at
- ein klør
- huda kjennest irritert
- huda sprekk
- huda skallar av
- huda blir raudleg
- personen kjenner at huda strammar
Normal hud lagar raskt eit vernande lag av talg. Dersom vi vaskar oss for mykje, kan normalfloraen til huda bli skadd. Det er viktig å bruke ei såpe som har låg pH- verdi. Ei såpe med pH 5,5 vernar normalfloraen. Les artikkelen om personleg hygiene og sjå filmen på den same sida for å lære meir om dette. For å gjenopprette det naturlege vernet huda har, er det viktig å tilføre fukt og feitt.
Hos nokre produserer talgkjertlane mykje feitt, og vi seier at desse har feit hud. Feit hud har lett for å bli urein og få kviser, og det er viktig å bruke mild såpe og vatn framfor sterke reingjeringsmiddel. Feittet som talgkjertlane produserer, kallar vi sebum. Feit hud eldest gjerne seinare enn andre hudtypar.
Kulde kan òg skade huda og i verste fall gi frostskadar. Personar som har tendens til tørr hud, vil gjerne merke at dei om vinteren får tørr hud på fingrane og leppene. Det er viktig å ha nok klede på seg då for lite klede reduserer blodsirkulasjonen i huda, og vi blir ekstra utsette for frostskadar. Ved ekstrem kulde bør vi unngå å vaske oss i ansiktet eller barbere oss fordi dette fjernar den vernande talgen frå huda, og dette gjer oss òg ekstra utsette for frostskadar. Kremar med høgt fuktinnhald kan gi ekstra vern.
I mange yrke er slitasje på huda eit problem. Personar som har hendene mykje i vatn, til dømes tilsette i helsesektoren, er ekstra utsette for uttørring og eksem på hendene. I samband med smitteverntiltaka som vart innførte under Covid-19-pandemien i 2020, vart det auka fokus på handhygiene i befolkninga. For nokon førte den hyppige handvaskinga til problem med at huda på hendene vart tørr og sår.
Reingjering av huda på hendene bør vere skånsam. I helsesektoren blir desinfeksjonsmiddel nytta for å reingjere hendene. Flytande såpe med låg pH blir brukt berre når hendane er synleg forureina, eller vi har vore i kontakt med organiske materiale som til dømes blod eller urin.
Enkelte arbeidsoppgåver krev at vi nyttar hanskar, og dette kan òg bli nytta dersom vi har sår eller sprekt hud. Det er òg viktig å vere klar over at enkelte kan reagere på latexhanskar, og at hanskar heller ikkje vernar 100 prosent mot inntrenging av stoff. Hendene bør også vernast med gode handkremar eller barrierekremar.
Solar du deg for kraftig og utan vern, kan du få brannskadar med blemmer, feberfrysingar og temperaturstiging. På lang sikt kan overdriven soling gi deg grove rynker, raud og flassete hud, skjemmande pigmentflekkar og hudkreft.
Her er ni reglar for solvett:
- Vis respekt for vêret. All slags vêr har innverknad på huda, og enkelte vêrtypar krev spesielt vern. Overdriven soling utan vern kan gi auka aldring av huda og medføre risiko for varige hudskadar som hudkreft.
- Vel hudpleieprodukt tilpassa nettopp di hud. Ulike typar hud (tørr, normal, feit) krev ulike hudpleieprodukt, og barn treng ekstra vern. Solfaktor skal veljast etter hudtype (grad av kjenslevarleik).
- Lytt til erfarne fagfolk. Hudpleiarar, fotterapeutar og folk som arbeider på apoteket, er fagfolk med stor kunnskap og erfaring når det gjeld hud og hudpleieprodukt. Produkta som blir selde på apoteka, er kvalitetstesta grundig.
- Bruk solfaktor når du solar deg. Dersom du skal opphalde deg i sola meir enn ein halv time utan å bli solbrent, tilseier faktortalet kor mange gonger lenger du kan vere i sola. Faktor 8 x 0,5 time = 4 timar.
- Solkremar skal verne både mot UVA- og UVB-strålar. Både dei kortbølgete strålane (UVB) og dei langbølgete (UVA) kan skade huda, og vi må verne oss mot dei begge. Sjølv i skuggen kan huda få opptil 50 prosent UV-lys.
- Frisk hud har behov for pleie og stell kvar dag for å halde seg mjuk og smidig. På apoteket finn du kvalitetsprodukt til fornuftige prisar som dekker alle behova dine. Dei fører godt utval av nasjonale og internasjonale seriar og kan hjelpe deg med å finne riktig produkt.
- Unngå såre og tørre lepper. Leppene er konstant utsette for sol, vind, kulde og tørt inneklima, og dei tørkar derfor lett ut. Det er viktig å verne dei gjennom dagleg bruk av leppepleieprodukt.
- Hudpleie inkluderer fotpleie. Nest etter hjartet er føtene den delen av kroppen som har det " hardaste" arbeidet, og dei er vel verdt å ta vare på. Start fotpleia før føtene byrjar å gjere vondt.
- Lytt til signala huda gir deg. Når huda di kjennest tørr og kanskje solbrent, er det viktig at du tek signala på alvor. Hudpleieprodukt gjenopprettar balansen til huda, og du står sterkare rusta mot nye utfordringar.
Vis solvett i solen. (2010). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 29. mai 2020 frå https://nhi.no/familie/barn/vis-solvett-i-solen/#