Forsøk
Forsøk: Lag din eigen sjampo
Bli kjend med stoffa som blir brukte i sjampo og lag din eigen.
Den viktigaste bestanddelen i sjampo er såpestoff. Molekyla til såpestoffa (tensida) blir kjenneteikna ved at dei har ein vassløyseleg (polar/vatnelskande) del og ein lang feittløyseleg (upolar/vatnavstøytande) del.
- Mål opp 160 ml destillert vatn i den store målesylinderen. Overfør vatnet til eit reint 200 ml begerglas.
- Mål opp 25 ml sulfat i ein målesylinder.
- Mål opp 25 ml perlemorsulfat i den andre målesylinderen.
- Veg opp 5 g natriumklorid (NaCl) i eit beger.
- Hell løysingane med sulfat og saltet over i vatnet. Rør heilt til det har vorte ei einsarta løysing (homogen blanding).
- Set begerglaset i vassbad og varm opp til 60 °C under forsiktig omrøring.
- Ta begerglaset opp av vassbadet og lat det avkjølast til 25 °C utan omrøring. For å få avkjølinga til å gå raskare kan de setje begerglaset i eit kaldt vassbad.
- Tilset 1,5 ml pantenol og duft (cirka fem dropar). Bland det godt saman med sjampoen frå punktet over.
- Fordel sjampoen på flasker. Lag etikettar.
- Prøv ut sjampoen. Samanlikn med sjampo som er kjøpt i butikk eller i salong.
Gi ei kort vurdering av eigenskapane til sjampoen din, samanlikna med sjampoen frå butikken eller frisøren.
- Finn ut korleis såpestoff verkar reingjerande.
- Vel to av stoffa i utstyrslista. Finn ut meir om dei.
- Mål pH-verdien i sjampoen. Finn ut kva betyding pH-verdien har i ein sjampo.
Vurder om sjampoen de har laga, tilfredsstiller krava til nokon av desse merkeordningane:
- Miljømerket Svanen
- NAAF (Noregs Astma- og Allergiforbunds merkeordning)
- Ø-merket (økologisk)
- Foreslå endringar i sjampo og emballasje som vil gjere produktet meir berekraftig.