Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Døme på eksamensoppgåver for frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

Her finn du døme på ulike typar oppgåver du kan få til munnleg-praktisk eksamen i naturfag. Øv åleine eller saman med andre, og bli best mogleg førebudd!
Hendene til ein person som jobbar med blomar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis er eksamensoppgåvene utforma?

Eksamensoppgåva består gjerne av eit breitt tema som dekker mange av kompetansemåla i naturfag. Saman med oppgåva kan du få ei liste med forsøk eller andre praktiske oppgåver, der du skal velje ei av desse.

Du bruker førebuingstida til å setje deg inn i det temaet du har fått, og det forsøket du har valt.

Oppgåve 1. Stoff og materiale

Gi døme på viktige stoff og materiale i frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign. Vel deg eit stoff eller materiale som du går i djupna på.

Aktuelle punkt

  • Korleis kan ulike stoff systematiserast i ulike grupper?

  • Korleis vi kan undersøke eigenskapane til dette stoffet?

    • kjemisk oppbygging

    • korleis stoffet reagerer med andre stoff

    • risikovurdering og handtering

    • vurdering av stoffet med tanke på berekraft

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Undersøk hårpleieprodukt

Forsøk: Lag såpe

Forsøk: Undersøk eigenskapane til oasis

Forsøk: Vi undersøkjer hudpleieprodukt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • undersøkje og vurdere livsløpet til ulike produkt i eit berekraftsperspektiv

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

Oppgåve 2. Berekraft i yrket mitt

Ta utgangspunkt i eit yrke og presenter ulike døme på korleis berekraft er viktig i yrket.

Aktuelle punkt

  • bruk av stoff og materiale

  • livsløpsanalyse

  • teknologi

Forsøk / praktiske oppgåver

Forslag til forsøk / praktiske oppgåver

Oppdrag: berekraftig interiørdesign

Den berekraftige frisørsalongen min

Undersøk konseptet "Grønn frisør"

Oppdrag: interiørdesign og gjenbruk

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • undersøkje og vurdere livsløpet til ulike produkt i eit berekraftsperspektiv

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

Oppgåve 3. Livsløpet til eit produkt

Ta utgangspunkt i eit produkt du vel sjølv, og grei ut om livsløpet til dette produktet.

Aktuelle punkt

  • Kva meiner vi med livsløpet til eit produkt?
  • Kva livsløpsfasar går produktet gjennom?
  • Diskuter korleis dei ulike fasane påverkar berekraftig utvikling med tanke på miljø, økonomi og sosiale forhold.
  • Foreslå moglege tiltak som kan gjere produktet meir berekraftig.
Forsøk / praktiske oppgåver

Forslag til forsøk/praktiske oppgåver

Berekraftige blomstrar?

Undersøk livsløpet til eit produkt

Kartlegg merkeordningar

Kva avgjer om eit produkt er berekraftig eller ikkje?

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • undersøkje eigenskapane til ulike materiale og overflatebehandlingar og vurdere bruk av desse i eit berekraftsperspektiv

  • undersøkje og vurdere livsløpet til ulike produkt i eit berekraftsperspektiv

Oppgåve 4. Helse og livsstil

Vel eit aktuelt helse- og livsstilsspørsmål som du drøftar, eller ta utgangspunkt i ein av casane i artikkelen Livsstilsvanar hos norske ungdommar.

Presenter det du finn ut.

Tips!

I artikkelen Livsstilen din ligg det eit rekneark som inneheld resultat frå ei stor undersøking om livsstilen til ungdom.

Vel deg ut eitt eller nokre få område som du undersøker nærare. Lag grafiske framstillingar, og presenter det du finn ut.

Aktuelle punkt

  • Kva blir meint med helse?
  • Kva er livsstil?
  • Kva er samanhengen mellom helse og livsstil?
  • Kva meiner du kjenneteiknar god helse?
  • Kvifor er spørsmålet du har valt, aktuelt?
  • Korleis kan du kople spørsmålet til andre kompetansemål i læreplanen?
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjonen frå ulike kjelder er

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 5. Mat og helse

Framfor deg har du eit utval matvarer (til dømes mjølk, sukker, mjøl, potetmjøl, olivenolje, eple, eggekvite).

Planlegg eit forsøk der du skal undersøke innhaldet av eitt eller fleire næringsstoff i desse matvarene (til dømes påvise stivelse eller protein).

Aktuelle punkt

  • Forklar og vis korleis du vil gjennomføre eit slikt forsøk.
  • Korleis vil du gå fram for å risikovurdere forsøket?
  • Kva gjer du med eventuelt avfall frå forsøket?
  • Kva blir meint med næringsstoff?

  • Vel eitt eller fleire næringsstoff. Forklar korleis dei er bygde opp, kva som skjer med dei i kroppen, og kva som kan vere gode kjelder til desse næringsstoffa.

  • Gjer kort greie for funksjonen til det næringsstoffet / dei næringsstoffa du har valt.

  • Forklar og vis korleis du kan påvise desse næringsstoffa.

  • Kva meiner vi med eit variert kosthald?
  • Kva er samanhengen mellom kosthald og helse?
  • Kommenter påstanden "Det er ikkje berekraftig å ete kjøtt", eller finn ein annan påstand om kosthald og vurder kor påliteleg han er.
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 6. Presenter ei sjølvvald problemstilling

I løpet av skuleåret har du jobba med ei sjølvvald problemstilling. Presenter det du har funne ut, og argumenter for den metoden du valde å bruke.

Aktuelle punkt

  • Kvifor valde du denne problemstillinga?
  • Kva hypotesar har du jobba med?
  • Korleis undersøkte du om hypotesane stemde?
  • Kva fann du ut?
  • Korleis henger det du har funne ut, saman med andre emne i naturfag og andre fag?
  • Korleis er det du har funne ut, relevant for utdanningsprogrammet ditt?

Forsøk

Forslag til forsøk

Ta utgangspunkt i forsøk og praktiske oppgåver du har jobba med i samband med dette prosjektet.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 7. Teknologi og berekraft

Du skal utforske og presentere teknologi knytt til handverk, design og produktutvikling og vurdere han i eit berekraftsperspektiv.

Aktuelle punkt

  • Kva er teknologi? Gi døme.
  • Korleis blir den aktuelle teknologien brukt i utdanningsprogrammet ditt?
  • Kva fordelar gir denne teknologien?
  • Vurder kva positiv og negativ innverknad teknologien kan ha på ei berekraftig utvikling.
  • Kan teknologien knytast til eitt eller fleire av berekraftsmåla?
  • Foreslå moglege forbetringar av teknologien.

Forsøk

Forslag til forsøk

Den praktiske delen i denne oppgåva kan bestå i å bruke den aktuelle teknologien når du presenterer og diskuterer oppgåva.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Kjelder

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i naturfag (NAT01-04). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nat01-04

Viken fylkeskommune. (2022, 21. januar). Muntlig-praktisk eksamen i Naturfag – Eleveksamen. https://viken.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen-og-vitnemal/eksamen-for-elever/gjennomforing-av-eksamen/rammedokumenter-for-eleveksamen-i-lk20/muntlig-praktisk-eksamen/muntlig-praktisk-eksamen-i-naturfag-eleveksamen.128060.aspx

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2023

Læringsressursar

Eksamen i naturfag