Forsøk: Lag badebomber
Sjå filmen
Diskuter i klassen
Gi døme på stoff som blir brukte i badebombene i filmen.
Kva funksjon trur de dei ulike stoffa har?
Kva ingrediensar kan vere problematiske med tanke på
miljø
helse (til dømes allergi)
etikk (til dømes testing på dyr)
Desinfiser begerglas og kar ved å vaske dei med sprit. Du kan lese korleis i artikkelen om desinfeksjon og sterilisering.
Bland alt det tørre saman i stort begerglas/bolle.
Veg opp feittstoffa (kakaosmør og tyrkiskraudtolje) i eit lite begerglas. Varm opp i vassbad med vatn frå vasskokar.
Bland feittet med det tørre. Ela godt til det blir ein deig.
Set til 1 ml lavendelolje og elt inn i deigen. Du kan òg tilsetje farge.
Finn fram formar. Du kan bruke konfektformer eller små såpeformer. Trykk deigen godt ned i forma slik at badebombene blir skikkeleg faste.
Set badebombene til herding i romtemperatur eller kjøleskap eit par dagar.
Trykk badebombene varsamt ut, pakk dei inn i passande emballasje som er merkt etter Mattilsynets merkekrav.