Forsøk: Lag hushaldssåpe
Før de set i gang med forsøk, skal de gjennomføre ei risikovurdering av forsøket. Bruk gjerne denne vegvisaren til dette: Risikovurdering av forsøk – ein vegvisar
Del 1. Gjer klart lut og feitt
Veg opp vatn i ein stor bolle. Denne bollen skal du røre ut såpa i seinare.
Veg opp kaustisk soda i eit begerglas.
Veg opp kokosfeittet. Set kjelen med kokosfeittet på ei plate med svak varme for smelting. Dette kan gå føre seg mens du lagar luten.
Ta med bollen med vatn og måleglaset med kaustisk soda til ein stad med godt avtrekk eller gå utandørs. Når vi blandar kaustisk soda i vatn, blir løysninga svært varm, og det kan dannast lutdamp som er farleg å puste inn.
Ta på vernebriller, hanskar og vernande klede. Du skal no lage ei løysning av lut med høg konsentrasjon. Løysninga er sterkt etsande og kan gi skadar på hud og auge.
Hell forsiktig små mengder kaustisk soda om gongen i vatn. Rør med rørestav. Pass på at alle korna er rørte ut. Reaksjonen som skjer, utviklar varme (han er eksoterm), og du kan kjenne at glasbollen blir veldig varm.
Mål temperatur i luten og det smelta kokosfeittet. Temperaturen bør vere så lik som mogleg i dei to væskene før du blandar dei. Du kan òg vente til væskene har blitt avkjølte.
Del 2. Bland lut og feitt
Bruk vernebriller, hanskar og vernande klede. Hell feittet i glasbollen med luten. Du vil sjå at farge og gjennomsiktigheit forandrar seg ganske omgåande.
Rør godt med stavmiksar til du får ein geléaktig konsistens. Pass på at stavmiksaren ikkje går varm.
Du har no fått ein ferdig såpemasse.
Del 3. Lag såpestykke
Hell såpemassen over i ei såpeform. Det er heilt supert å bruke ein godt vaska mjølkekartong eller liknande. Pakk gjerne inn såpeforma i eit handkle slik at ho ikkje blir avkjølt for raskt.
Etter 24 timar er det tid for å skjere opp såpa i passande såpestykke. Då er såpemassen fast, men framleis mogleg å skjere igjennom. Står han lenger, vil han vere vanskeleg å skjere til fine stykke. Riv/skjer opp mjølkekartongen, og skjer såpestykke som er omtrent 2 cm tjukke.
Såpestykka skal no ligge til tørking/modning i nokre veker før dei er klare til bruk. La dei gjerne ligge på rist ei vekes tid først. Grunnen er at det framleis kan vere korn av kaustisk soda som kan etse huda ved bruk. Såpene kan oppbevarast innpakka i silkepapir eller anna papir, og luftig.
Reingjer utstyret du har brukt, grundig etter forsøket. Hugs at lut er etsande.