Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

City farm

Dyrk grønsaker i byen og forsøk å produsere nok til å brødfø 200 familiar. Hugs å ta vare på jorda, spare på vatnet og passe på økonomien. Klarer de å produsere nok mat på ein berekraftig måte?
Skjermdump frå City farm, eit spel om urban dyrking. Foto.

Om spelet

I dette spelet skal de dyrke grønsaker i ein kjøkkenhage på ein mest mogleg berekraftig og økonomisk måte. De må ta omsyn til kvaliteten på jorda og vassforbruk og vurdere innkjøp av frø og utstyr ut frå pengane de har til rådvelde.

Gjennom spelet kan de lære

  • korleis ulike faktorar påverkar om jorda blir drive berekraftig eller ikkje

  • korleis de kan planlegge pengebruken og ta høgd for uventa hendingar for å få størst mogleg avling

  • korleis ikkje-levande og levande faktorar påverkar kvarandre i eit økosystem


Slik speler de City farm

Det tek omtrent ti minutt å spele City farm, men det er veldig nyttig å spele det fleire gonger.

Spelet består av fem rundar som tek deg gjennom fem vekstsesongar i denne urbane kjøkkenhagen.

Ein runde i spelet

  1. De startar kvar runde med å kjøpe og så frø. Ved å klikke på ein frøpose får de opp kor stor avling de kan få, kor mykje vatn avlinga krev, vanlege problem som kan oppstå, og liknande.

    De kan velje å kjøpe tillegg som gjødsel, vatningsanlegg, kalk og kompostbinge. Nokre av desse kan vere nyttige å ha når det oppstår uventa hendingar, men dei kostar pengar, så de må vurdere kva de har råd til.

  2. Så frø ved å klikke og halde på frøposen og dra han over til ein ledig pallekarm. No begynner tida å gå, og frøa spirer. Når det blir sommar, kjem det opp eit lykkehjul som de skal spinne. Lykkehjulet avgjer kva for ei tilfeldig hending som skjer denne sommaren.

  3. Når det blir haust, skal avlingane haustast, og de får vite kor stor avling de fekk, og korleis det står til med jorda og vasstilgangen. Viss de klarte å produsere mat til over 200 hushald, får de eit overskot som de kan bruke på investeringar i neste runde. De kan få maksimalt 20 berekraftspoeng i kvar runde.

  4. Etter fem rundar/år får de eit resultat som viser kor mykje mat de har produsert, og kor berekraftig produksjonen har vore. Berekrafta blir berekna ut frå kor mykje mat de har produsert, forbruket av vatn og tilstanden til jorda.

Spel spelet

Spelet City farm

Ordliste
engelsknorsk
weedugras
mulchjorddekke, strø
cropavling
irrigationkunstig vatning
limekalk
rain catchmentoppsamling av regnvatn
droughttørke
slugsnigel
farm sharesstorleik på avlinga
surplusoverskot

Undervegs i spelet / etter å ha spelt

  • Korleis gjekk det?

  • Brukte de ein strategi når de spelte? Forklar strategien dykkar og argumenter for kvifor dette er ein god strategi.

  • Sjå på grønsakhagen som eit økosystem. Kva for nokre biotiske og abiotiske faktorar finst det i denne grønsakhagen?

  • Gi døme på korleis de som dyrkar, kan påverke samspelet i dette økosystemet.

  • Kva tiltak i spelet kan bidra til betre jordhelse?

  • Kva kunne de gjere for å bruke så lite vatn som mogleg?

  • Viss de sår den same grønsaka i ein pallekarm to år på rad, får de beskjed om at det er lurt å rotere på avlingane. Kva betyr dette, og kvifor er det ein god idé?

  • I spelet bruker ein omgrepet berekraftig. Kva ligg i dette omgrepet slik det blir brukt i spelet? Er de einige i at dyrkinga i dette spelet er berekraftig? Er denne måten å dyrke på økologisk? Viss ikkje, kva endringar må i så fall gjerast for at dyrkinga skal bli økologisk?

  • Dei siste åra har det vore veldig populært med bynært landbruk, og mange har dyrka grønsaker heime.

    • Kvifor har dette vorte så populært, trur de?

    • Korleis kan det å dyrke sin eigen mat påverke synet på maten som bøndene produserer?

Vurder spelet

  • På kva måte gir spelet eit rett bilete av korleis det er å dyrke grønsaker?

  • Kva forenklingar har ein gjort, samanlikna med verkelegheita?

  • Dette spelet er utvikla i USA. Kva endringar viller de gjort på spelet for å tilpasse det til norske forhold? Burde det vore forskjell på innhaldet i spelet alt etter kvar i Noreg ein er òg? Diskuter.

Eigenvurdering

Tenk deg at denne grønsakdyrkinga har vore eit prosjekt i byen de bur i. De har fått i oppgåve å skrive ein kort rapport frå prosjektet til ordføraren i byen. Rapporten bør innehalde desse punkta:

  • kvifor prosjektet blei starta opp

  • korleis prosjektet har blitt gjennomført

  • kva forbetringar som kan gjerast i prosjektet

  • kvifor ein bør forlenge prosjektet

Relatert innhald

Ein film som syner korleis det er mogeleg å drive økologisk landbruk på ein berekraftig måte.

Kjelde

WGBH Educational Foundation. (2013). City Farm. PBS LearningMedia. https://www.pbslearningmedia.org/resource/sust13.sci.eco.cityfarm/city-farm/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2022

Læringsressursar

Spill