Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Naturleg utval med spelet Peppered moths

Du er ein rovfugl som et møll. Kor mange kvite og svarte møllar klarer du å ete på eitt minutt? Bruk resultata til å lære om naturleg utval.
Lyse silhuettar av rovfugl og møllar på mørk bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om spelet

I dette spelet har du rolla som rovfugl. Ein populasjon av møllar blir sloppen laus i skogen der du bur. I utgangspunktet består populasjonen av 50 % kvite møllar og 50 % svarte. Du skal prøve å ete alle møllane du ser, og undersøkje korleis samansetnaden av populasjonen er etter at du har ete deg mett (etter eitt minutt).

Gjennom dette spelet kan du lære

  • kva som ligg i naturleg utval

  • korleis naturleg utval påverkar gensamansetnaden i ein populasjon

Slik speler du Peppered moths

  1. Start med å velje farge på borken på trea i skogen der møllane lever.

  2. Bruk musepeikaren til å flytte rovfuglen. Når nebbet er over ein møll, klikkar du for å ete han. Når ein møll blir eten, vil du høyre at det knasar. Viss du bommar på ein møll, vil du høyre fuglekvitter.

  3. Spis så mange møllar du klarer på eitt minutt!

Spel

Spelet Peppered moths

Tips: Spel fleire gonger i kvar skogtype og før opp resultata frå kvar omgang i eit rekneark.

Etter å ha spelt

  1. Samanlikn resultata frå ein runde med gjennomsnittet av fleire rundar. Kva oppdagar du? Kan du forklare dette?

  2. Forklar korleis omgivnadene/miljøet kan påverke overlevinga til ein populasjon.

  3. Forklar korleis eigenskapar kan gå i arv frå ein generasjon til den neste.

  4. Kva går den darwinistiske evolusjonsteorien ut på? Korleis heng det saman med det du erfarte i spelet?

  5. Forklar korleis mutasjonar kan oppstå. Forsøk å kople forklaringa til og korleis frekvensen av ulike allel endrar seg over tid i ein populasjon.

  6. Analyser endringar i frekvensen av allel over tid, og samanlikn med ulike populasjonar.

  7. Korleis kan døme med møllane i dette spelet overførast til andre situasjonar? Gi døme.

Relatert innhald

Naturlig utval er den viktigaste mekanismen i evolusjonen. Det skjer så lenge det er overproduksjon, arv og genetisk variasjon i populasjonen.

Kjelde

Tevis, C. (2003). Peppered Moths – natural selection in action. Ask A Biologist. https://askabiologist.asu.edu/peppered-moths-game/index.html

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2022

Læringsressursar

Spill