Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

The Evolution Lab

Overalt på planeten vår – på land, under jorda, i lufta og i vatnet – finn du liv som har blitt forma av evolusjon. I "The Evolution Lab" frå NOVA kan du utforske bevisa på evolusjon og sjå samanhengar i utviklinga av det biologiske mangfaldet.
Framstilling med forgreiningar som viser fellestrekk og slektskap mellom artar. Illustrasjon.

Fylogenetiske tre

Sjølv eit heilt grunnleggande evolusjonstre, eller , viser den evolusjonære utviklinga mellom ulike livsformer.

I simuleringane nedanfor skal du identifisere fellestrekk og forskjellar hos artar, slik at du kan organisere artane i evolusjonstre (fylogenetiske tre). Målet er at du skal forstå korleis evolusjonen har forma mangfaldet av liv på jorda.

Mens du jobbar med evolusjonstrea, kan du klikke på artane for å sjå få bilete av og nyttig informasjon om dei.

Oppdrag 1: nolevande artar

Sjå introduksjonsfilmen Training Trees hos NOVA LABS, som viser korleis du kan bruke simuleringane til å lære noko om evolusjon og fellestrekk hos ulike artar. Du kan setje på norske undertekstar ved å velje "Innstillinger" og deretter "Teksting", "Oversett automatisk" og "Norsk".

Via lenka nedanfor finn du tre simuleringar eller puslespel der du skal sortere artar etter slektskapsforhold. Du skal plassere eigenskapar og karaktertrekk inn i treet, slik at det stemmer med artane på den aktuelle greina på treet. Når alle prikkane øvst er fylte med farge, er treet godkjent, og du kan gå vidare til neste aktivitet.

Tre interaktivitetar frå The Evolution Lab: Bygg evolusjonstre med nolevande artar ved hjelp av kjende eigenskapar

Aktivitet 1: Er sopp mest i slekt med plantar eller dyr?

  1. Flytt palmetreet og gekkoen saman, slik at dei dannar eit tre.
  2. Plasser eigenskapen "celler med kjerne" der han høyrer heime i treet.
  3. Bruk forstørringsglaset for å sjekke eigenskapane til artane.
  4. Plasser dei siste kjenneteikna og den siste arten rett.
Forklaringar til aktivitet 1: slektskap mellom sopp, plantar og dyr

Artar

  • gecko – krypdyr som firfisler og øgler

  • palm tree – palmetre

  • fly agaric – raud flugesopp

  • species – artar

Karaktertrekka du skal bruke for å finne slektskap

  • cells with nuclei – celler med kjerne

  • heterotrophic – heterotrof (organisme som dekker karbonbehovet sitt ved å bryte ned organisk materiale frå andre organismar)

  • photosynthetic autotroph – fotosyntetiserande autotrof (organisme som driv fotosyntese og bygger organiske stoff av enkle uorganiske stoff)

Aktivitet 2: Korleis er slektskapen mellom hund, slange, insekt og fisk?

Humle, hund, slange og aure i kollasj. Foto.

Både synlege og skjulte trekk kan gi verdifulle opplysningar om felles opphav for ulike organismar. Finn fellestrekk, og bygg eit evolusjonstre med hund, slange, insekt og fisk.

Organismar med synlege fellestrekk som venger eller kroppsform kan gjennom evolusjonen ha utvikla store fysiologiske forskjellar som du ikkje kan sjå. Kva dyr i dette puslespelet har flest fellestrekk?

Forklaringar til aktivitet 2: slektskap mellom hund, slange, insekt og fisk

Karaktertrekka du skal bruke for å finne slektskap

  • amniote – fosterhinne hos pattedyr, fuglar og reptil

  • vertebrate – virveldyr

  • bilateral symmetry – lik på begge sider

Aktivitet 3: Bygg eit evolusjonstre med frukt og grønsaker

Korleis er slektskapen mellom lauk, banan, reddik, sitron og tang?
Er ein banan nærare i slekt med sitron enn med lauk?

Forklaringar til aktivitet 3: slektskap mellom frukt og grønsaker

Artar

  • banana – banan

  • lemon – sitron

  • onion – lauk

  • radish – reddik

  • seaweed – tang/tare

Karaktertrekka du skal bruke for å finne slektskap

  • petals in multiples of 3 – kronblad i multiplar av 3 (eit tal som går opp i 3)

  • petals in multiples of 4 or 5 – kronblad i multiplar av 4 eller 5

  • photosynthetic autotroph – fotosyntetiserande autotrof (organisme som driv fotosyntese og bygger organiske stoff av enkle uorganiske stoff)

  • produces flowers – dannar blomstrar

  • releases spores into water – slepp ut sporar i vatnet

Oppdrag 2: fossil

Bruk fossil, viktige spor vi finn i bergartar, for å få innsikt i livshistoria til planeten vår. Sjå introduksjonsfilmen Fossils: Rocking the Earth hos NOVA LABS før du gjer oppgåvene i simuleringane som du finn lenke til under filmen.

I dei neste tre oppgåvene skal du bygge evolusjonstre med både nolevande og utdøydde artar. Hugs at du kan ha stor nytte av forstørringsglaset – trykk på dei enkelte artane for å finne ut kva eigenskapar dei har.

Tre interaktivitetar frå The Evolution Lab: Bygg evolusjonstre med både utdøydde og nolevande artar

Aktivitet 1: Leit etter slektskap mellom dinosaurar og nolevande artar

Fullfør puslespelet og leit etter slektskap mellom ulike dinosaurar, urfugl, struts og hønsefugl.

Forklaringar til aktivitet 1: slektskap mellom dinosaurar og nolevande artar

Artar

  • Albertosaurus – dinosaur i tyrannosaur-familien
  • Archaeopteryx – urfugl
  • chicken – kylling/høne

  • ostrich – struts

  • T. rexTyrannosaurus rex

Karaktertrekka du skal bruke for å finne slektskap

  • 2-fingered hand – hand med to fingrar

  • shafted feathers – fjør med skaft

  • toothless beak – tannlaust nebb

  • wishbone – ønskebein (gaffelbein)

Modell av Acanthostega i vatn. Illustrasjon.

Aktivitet 2: frå vatn til land – eit lite steg?

For omtrent 380 millionar år sidan kom dei første levande organismane opp frå vatnet og etablerte seg på land. Kva eigenskapar bidrog til å gjere dette viktige skiftet mogleg?

Forklaringar til aktivitet 2: slektskap mellom landlevande og vasslevande dyr

Artar

  • Acanthostega – utdøydd slekt av firbeinte virveldyr, blant dei første virveldyra som har tydelege lemmar
  • Tulerpeton – utdøydd slekt og eit av dei tidlegaste firbeinte virveldyra frå devon-tida
  • Tiktaalik – utdøydd beinfisk frå sein devon-tid, har mange likskapstrekk med landlevande firbeinte virveldyr. Dette er ein av fleire gamle beinfiskar som i si tid utvikla tilpassingar til dei oksygenfattige, grunne habitata, noko som truleg førte til utviklinga av amfibium.
  • Eusthenopteron – kjøttfinnefisk som levde for 385 millionar år sidan. Han er stamfaren til alle tetrapodar, inkludert menneske.

Karaktertrekka du skal bruke for å finne slektskap

  • digits – fleire "fingrar" på armar og bein

  • webbed digits – symjeføter (hud mellom tær eller fingrar)

  • eyes on top of a flat head – auge oppå eit flatt hovud

  • strong armlike bones – sterke armliknande bein

Aktivitet 3: Kva er opphavet til kvalane?

I dette puslespelet finn du mange karaktertrekk som du kanskje ikkje treng når du skal bygge evolusjonstreet.

Forklaringar til aktivitet 3: opphavet til og slektskapen mellom kvalar

Artar

  • Ambolocetus – ein "vandrande kval" som både kunne gå og symje. Han levde for 50–49 millionar år sidan.
  • blue whale – blåkval

  • Dorudon – ei slekt av utdøydde kvalar som levde i varme hav for 40,4–33,9 millionar år sidan. Dei var omtrent 5 meter lange og åt små fisk og blautdyr. Dette er eit overgangsfossil som viser korleis kvalen utvikla seg frå eit landlevande pattedyr.
  • hippo – flodhest

  • killer whale – spekkhoggar

  • Pakicetus – ei slekt av landlevande, kjøttetande pattedyr som var på storleik med ulvar og levde i Pakistan i eocen-tida. Dei døydde ut for rundt 55–34 millionar år sidan.

Karaktertrekka du skal bruke for å finne slektskap

  • carnivorous diet – kjøttetar

  • gills – gjeller

  • living in seawater – lever i saltvatn

  • loss of external hind legs – tap av ytste bakbein

  • tail flukes – slag med halen

  • underwater nursing – avkomet blir oppfostra/amma under vatn

Kjelde

PBS. (u.å.). The Evolution Lab. Henta 26. februar 2022 frå https://www.pbs.org/wgbh/nova/labs/lab/evolution/research#/chooser

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2020

Læringsressursar

Spill