Forbrukarkjøpslova og angrerettlova
Forbrukarkjøpslova gjeld for all handel der kunden er ein forbrukar som kjøper frå ei verksemd. For handel mellom verksemder og handel mellom privatpersonar er det kjøpslova som gjeld.
Hovudforskjellen mellom kjøpslova og forbrukarkjøpslova er at kjøparen blir betre beskytta i forbrukarkjøpslova. Årsaka er at ein ønsker å verne rettane til forbrukaren i møte med ein profesjonell seljar.
Feil ved produktet
I lova blir det kalla ein mangel om produktet kunden kjøper, ikkje samsvarer med det ein kan forvente med tanke på kvalitet, funksjonalitet, haldbarheit, tryggleik med meir. Ein mangel må visast til innan to år. I denne perioden er det verksemda som har bevisbyrda, det vil seie at det er salsleddet som må bevise at dei ikkje er ansvarlege for feilen som forbrukaren klagar på.
Utvida klagefrist til to år og at bevisbyrda no er lagt til seljar, er døme på korleis forbrukarkjøpslova blei skjerpt frå januar 20024. I tillegg har verksemder no berre eitt forsøk til å rette opp feil. Unntaket er om det er spesielle forhold som gjer at det er rimeleg å gi verksemda endå eit nytt forsøk. Etter dette har kunden rett på prisavslag eller pengane tilbake.
Frå januar 2024 blei det òg forbode å selje varer med generelle atterhald, slik som nemninga "blir seld som ho er". Dette gjeld òg bruktbil og andre varer med lang levetid.
Kva er forskjellen på reklamasjon og garanti?
Reklamasjon er dei lovfesta rettane kunden har overfor seljar ved feil eller manglar. Viss kunden oppdagar ein feil på produktet som er kjøpt, eller vedkommande ikkje har fått det hen har betalt for, har produktet ein mangel. Kunden har dermed reklamasjonsrett.
Garanti er ein avtale mellom kunden og produsenten eller seljaren som skal gi kunden betre rettar utover dei lovfesta reklamasjonsreglane. Ein produsent av vaskemaskiner kan til dømes gi ein 10-årsgaranti som ein ekstra fordel i tillegg til den lovfesta reklamasjonsretten på fem år som gjeld for vaskemaskiner.
Tenk over
Kven trur du kjenner omgrepa reklamasjon og garanti best – kundane eller seljarane?
Sjå NRK-videoen frå 2013 nedanfor. Stemde antakingane dine? Trur du ei tilsvarande undersøking ville gitt det same resultatet i dag?
Digitale oppdateringar
Maskinvare og programvare skal halde i minst fem år. Sel du produkt med programvare, som smartklokker, pc-ar og bilar, har kunden rett på digital oppdatering i heile levetida til produkta.
Diskuter
Kjenner forbrukarane til rettane sine om programvareoppdateringar?
Får forbrukarane dei programvareoppdateringane dei har krav på?
Forseinking
Om du som verksemd ikkje klarer å levere ei vare til avtalt tid, og det ikkje kjem av forhold på forbrukaren si side, har kjøparen følgande rettar etter forbrukarkjøpslova:
halde kjøpesummen tilbake
krevje oppfylling
krevje heving
krevje erstatning
Kjøpar kan halde tilbake betalinga for å dekke krav som følge av forseinkinga. Vidare kan kjøpar krevje at vara blir levert, så sant dette lar seg gjere for seljar. Om seljar framleis ikkje klarer å levere etter ein rimeleg tilleggsfrist, kan kjøpar heve kjøpet og få pengane tilbake. Om forseinkinga medfører ekstra kostnader for kjøpar, kan vedkommande krevje erstatning, så sant ikkje forseinkinga gjeld forhold utanfor verksemda sin kontroll.
Korleis kan kjøparen klage?
Som hovudregel må kjøparen sjølv ta opp saka med seljaren, men kjøparen kan rådføre seg med Forbrukarrådet. Forbrukarrådet hjelper òg verksemder med å forstå rettane til forbrukaren. Blir ikkje kjøparen einig med seljaren, kan saka klagast inn for Forbrukartilsynet.
Vurder
Er informasjon knytt til forbrukarrettar godt tilgjengeleg?
Kva betydning har Forbrukarrådet i rettleiing av forbrukarar og rettleiing av verksemder?
Trur du mange forbrukarar har ein høg terskel for å klage ei sak inn for Forbrukartilsynet? Kvifor / kvifor ikkje?
Formålet med angrerettlova er å verne forbrukarane når dei ikkje sjølv går aktivt inn i ein kjøpssituasjon, som dei gjer om dei oppsøker ein fysisk butikk. Med nokre unntak gjeld angrerettlova for nettsal, telefonsal, dørsal, sal på messer med meir.
Om du som næringsdrivande sel varer til forbrukarar ved fjernsal eller utanom faste forretningslokale, så gjeld angrerettlova. Det vil seie at kunden kan, utan grunngiving, angre kjøpet innan 14 dagar. Vanleg butikksal blir ikkje omfatta av lova. Då gjeld forbrukarkjøpslova.
Informasjonsplikt
Som næringsdrivande er du pliktig til å opplyse kundane om angreretten. Kundane skal få vite at dei har 14 dagars angrerett. I tillegg skal dei få anten eit fysisk eller eit digitalt angrerettskjema dei kan nytte seg av. Om kunden ikkje får slik informasjon, blir angreretten utvida til eitt år.
I samsvar med lova er det forbrukaren som sjølv må betale retur av vara. Seljarar kan likevel velje å tilby gratis retur for å gi betre service til kunden.