Hopp til innhald

Fagstoff

Prosentpoeng

Dersom talet vi skal finne prosentvis endring på, allereie blir målt i prosent, må vi sørge for at vi bruker rett måleining.

Døme: prisauke på is

Kroneis med jordbær. Foto.

Prisen på ein bestemd is vart auka frå 30 kroner til 33 kroner. Kor stor var auken i prosent?

Auke i prosent

Prisen auka med 3 kroner. Det betyr at auken i prosent var

330·100 %=10 %

Døme: auke av oppslutning om eit politisk parti

Linjediagram som viser korleis oppslutninga til eit politisk parti endra seg for kvar månad frå juli til november. Illustrasjon.

Meiningsmålingar viste at oppslutninga om eit politisk vart auka frå 30 prosent i oktober til 33 prosent i november. Kor stor var auken i prosent?

Auke i oppslutning i prosent

Dette er dei same tala som i dømet med isen over. Partiet har derfor auka oppslutninga si med 10 prosent.

I det førre dømet auka prisen med 3 kroner, sidan måleininga til prisen er kroner. Kva er måleininga i dømet med partioppslutninga?

Måleininga til oppslutninga

Oppslutninga blir målt i prosent, %.

Vi kan likevel ikkje seie at oppslutninga auka med 3 prosent. Kvifor ikkje?

Forklaring

Vi får eit problem her fordi måleininga er i prosent. Vi slo fast over at auken var på 10 prosent, og auken kan ikkje vere både på 10 prosent og 3 prosent.

Prosentpoeng – når storleiken blir målt i prosent

Når vi skal beskrive auken i prosenttalet i dømet med oppslutning, seier vi at partiet auka oppslutninga med 3 prosentpoeng. Som vi såg, betyr ein auke på 3 prosentpoeng her at auken i oppslutninga var på 10 prosent.

Eit anna politisk parti fekk 20 prosent oppslutning på ei meiningsmåling. Det var ein nedgang frå den førre målinga på 4 prosentpoeng.

Kva var oppslutninga på den førre målinga?

Oppslutning på den førre målinga

Oppslutninga var

20 %+4 % =24 %

Kor stor var nedgangen i prosent?

Nedgang i prosent

Nedgangen var på

424·100 %=16,7 %

Film om prosentpoeng

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal, Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Prosent og prosentvis vekst