Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prosentpoeng

Prøv å løyse så mange av desse oppgåvene som mogleg utan å bruke hjelpemiddel.

PS-40

Raud pil som går oppover og eit blått prosentteikn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit politisk parti aukar oppslutninga si frå 10,5 prosent til 12,5 prosent.

a) Kor mange prosentpoeng har oppslutninga auka med?

Løysing

Oppslutninga har auka med 12,5-10,5=2,0 prosentpoeng.


b) Kor stor har auken vore i prosent?

Løysing

Auken i prosent er 2,010,5·100 %=19 %.

PS-41

Sjukefråværet i ei bedrift har gått ned frå 6,7 prosent til 6,1 prosent.

a) Kor mange prosentpoeng har sjukefråværet gått ned med?

Løysing

Sjukefråværet gjekk ned med 6,7-6,1=0,6 prosentpoeng.


b) Kor stor har nedgangen vore i prosent?

Løysing

Nedgangen i prosent er 0,66,7·100 %=9 %.

PS-42

a) Eit politisk parti hadde ein månad ei oppslutning på 29,5 prosent. Ved neste måling hadde partiet auka oppslutninga si med 6,1 prosent.

Kor mange prosentpoeng har oppslutninga til partiet auka med?

Løysing

Dei 6,1 prosentane blir rekna av talet 29,5. Vi må derfor først finne kor mykje 6,1 prosent er av 29,5. Hugs at 29,5 svarer til 100 prosent. Vi bruker metoden "vegen om 1". 6,1 prosent av oppslutninga blir

29,5100·6,1=1,8

Partiet har auka oppslutninga med 1,8 prosentpoeng.

b) Eit anna politisk parti fekk ei oppslutning på 19,8 prosent etter å ha mista 10 prosent av tilhengarane sine.

Kor mange prosentpoeng gjekk oppslutninga ned med?

Løysing

Vi reknar først ut kor stor oppslutninga var før nedgangen. Her kan det lønne seg å bruke vekstfaktor. Vekstfaktor for endringa er 0,9. Oppslutninga før nedgangen er

19,8 %0,9=22 %

Nedgangen i prosentpoeng blir

22-19,8 prosentpoeng=2,2 prosentpoeng

c) Eit tredje parti fekk auka oppslutninga si med 1,8 prosentpoeng. Dette svarte til ein auke på 15 prosent.

Kor stor var oppslutninga til partiet før oppgangen?

Tips til oppgåva

Finn ut kor mange prosent 1,8 prosentpoeng svarer til.

Løysing

1,8 prosentpoeng svarer til 15 prosent av oppslutninga før oppgangen. Oppslutninga før oppgangen svarer til 100 prosent. Vi bruker metoden "vegen om 1". Oppslutninga før oppgangen var

1,815·100 %=12 %

d) Eit fjerde politisk parti fekk redusert oppslutninga si med 5 prosent, eller 0,4 prosentpoeng.

Kva var oppslutninga etter nedgangen?

Tips til oppgåva

Vi kan finne svaret ved først å rekne ut oppslutninga før nedgangen slik vi gjorde i den førre oppgåva. Prøv om du klarer å rekne ut oppslutninga etter nedgangen utan å gå vegen om oppslutninga før nedgangen. Tenk "vegen om 1" og finn ut kor mange prosent oppslutninga etter nedgangen svarer til.

Løysing

Vi tek utgangspunkt i at 0,4 prosentpoeng svarer til 5 prosent av oppslutninga før nedgangen. Oppslutninga etter nedgangen må derfor svare til 95 prosent av oppslutninga før nedgangen. Vi bruker metoden "vegen om 1" og får at oppslutninga etter nedgangen var

0,45·95 %=7,6 %

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen, Olav Kristensen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Prosent og prosentvis vekst