Her kan du øve deg på sjølvkostkalkylen.
Oppgåver – sjølvkostkalkyle
Set opp eit rekneark som du kan bruke for å finne
- indirekte kostnader i kroner
- sjølvkost i kroner
- forteneste i kroner
- salspris utan meirverdiavgift
- meirverdiavgift i kroner
- salspris med meirverdiavgift
Bruk reknearket til å løyse oppgåvene nedanfor. Du kan også laste ned eit slik rekneark lengst ned på denne sida.
- Finn salsprisen med meirverdiavgift på ein moped som har 13 600 kroner i inntakskost. Dei indirekte kostnadene er 30 prosent, og fortenesta skal vere 38 prosent.
- Finn salsprisen på ein ost som har 13,60 kroner i inntakskost. Dei indirekte kostnadene er 60 prosent, og fortenesta skal vere 30 prosent.
- Finn salsprisen på ei togreise som kostar VY 240 kroner å produsere. Dei indirekte kostnadene er 40 prosent. Rekn med 15 prosent forteneste.
- Rekn ut inntakskost på ein sofa som har ein salspris på 30 498 kroner når fortenesta er på 38 prosent og dei indirekte kostnadene er 30 prosent.
Tips: Sjekk at du bruker riktig sats for meirverdiavgift. Sjå satsar for meirverdiavgift på Skatteetaten.no.
Fasit oppgåve a
Salsprisen med meirverdiavgift for mopeden er 30 498 kroner.
Fasit oppgåve b
Salsprisen med meirverdiavgift for osten er 32,53 kroner.
Fasit oppgåve c
Salsprisen med meirverdiavgift for togreisa er 432,77 kroner.
Tips til oppgåve d
Når vi skal rekne oss tilbake til inntakskost, kan det vere greitt å bruke vekstfaktor.
Fasit oppgåve d
Inntakskost for sofaen er 13 600 kroner.
Filer
CC BY-NC-SASkrive av Arvid Fjørtoft Feldhusen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 03.08.2020