Oppgåve 1 – sjølvkostkalkyle
Eit vareparti på 150 kg har ein innkjøpspris på 18 850 kroner utan meirverdiavgift. Bedrifta som kjøper partiet, betaler i tillegg 1 650 kroner i andre direkte innkjøpskostnader. Dei indirekte kostnadene er på 35 prosent, fortenesta er 25 prosent, og meirverdiavgifta er 25 prosent.
Set opp ein sjølvkostkalkyle i eit rekneark, og rekn ut desse storleikane i kroner per kilo:
- inntakskost
- indirekte kostnader
- forteneste
- meirverdiavgift
- salspris med meirverdiavgift
Relatert innhald
Oppgåve 2 – avanse
Ei bedrift kjøper eit vareparti til 35 300 kroner utan meirverdiavgift.
Bedrifta betaler i tillegg 1 500 kroner i andre direkte innkjøpskostnader.
Avansen er sett til 75 prosent. Varepartiet er på 400 stykk.
Set opp ein kalkyle etter avansemetoden i eit rekneark, og rekn ut desse storleikane i kroner per stykk:
- inntakskost
- avanse
- salspris utan meirverdiavgift
- salspris med meirverdiavgift
Relatert innhald
Oppgåve 3 – bidragskalkyle
Idrettshuset AS sel skiutstyr og treningstøy.
Salsprisen med meirverdiavgift for ei treningsjakke er 1 250 kroner. Innkjøpsprisen for jakka er 370 kroner utan meirverdiavgift. Andre variable innkjøpskostnader er 4 000 kroner for eit parti på 75 jakker. Meirverdiavgiftsatsen er på 25 prosent.
Set opp ein bidragskalkyle i eit rekneark og rekn ut desse storleikane per treningsjakke:
- salspris utan meirverdiavgift
- variable kostnader
- dekningsbidrag
Relatert innhald
Oppgåve 4 – påslagstal
Ein butikk kjøper inn ei vare til 235 kroner utan meirverdiavgift. Dei bruker påslagstalet 2,5.
Bruk eit rekneark og set opp ein kalkyle basert på påslagsmetoden. Rekn ut
- salsprisen med meirverdiavgift
- påslagstalet som butikken bruker dersom prisen blir sett til 705 kroner med meirverdiavgift