Hopp til innhald

Verktøy og mal

Sjølvkostkalkylen – eit eksempel med rekneark

Det er ryddig og arbeidssparande å setje opp priskalkylar i eit rekneark. Her kan du lære korleis du gjer det.

Her går vi gjennom det same eksempelet som på sida "Sjølvkostkalkylen steg for steg" (sjå nedanfor), men med bruk av rekneark.

Relatert innhald

Kort om sjølvkostkalkylen

Sjølvkostkalkylen er ein metode for å rekne ut prisen på eit produkt som ei verksemd skal selje. Dette produktet kan vere ei vare eller ei teneste. Kalkylen skal sikre at vi ikkje set for låg pris på eit produkt. Utgangspunktet for kalkylen er at vi kan fastsetje inntakskost, det vil seie dei direkte kostnadene med å skaffe produktet. Typiske direkte kostnader er innkjøpspris, fraktkostnader, og toll dersom produktet kjem frå utlandet.

Kalkylen kan mellom anna brukast av ein handverkar som skal gi pristilbod på eit arbeidsoppdrag. Då er det naturleg å trekkje inn kostnaden for sjølve arbeidet i inntakskost. Arbeidskostnaden kan reknast ut som ein timepris multiplisert med talet på timar ein reknar med at arbeidet tek.

Sjølvkostkalkylen – oppsett

Når vi skal finne prisen på ei vare, kan vi bruke ein enkel modell for sjølvkostkalkyle, for eksempel denne:

  • Innkjøpspris (prisen for ei eining av vara frå leverandøren)
  • + andre direkte kostnader (fraktkostnader, toll osv.)
  • = inntakskost (totalprisen for å ta inn ei eining av vara i forretninga)
  • + indirekte kostnader (kostnader som ikkje har noko direkte med vara å gjere, for eksempel løn, straum, offentlege avgifter og utgifter til bilhald. Indirekte kostnader blir som regel rekna ut som ein prosentdel av inntakskost.)
  • = sjølvkost (det forretninga må ha for å dekkje alle kostnader med å ta inn vara).
  • + forteneste (blir som regel rekna ut som ein prosentdel av sjølvkost)
  • = salspris utan meirverdiavgift
  • + meirverdiavgift
  • = salspris med meirverdiavgift

Oppgåve: kalkulering av salspris på digitalkamera

Anne er tilsett som butikksjef i ei større elektronikkjede. Ho har akkurat fått eit parti med digitale kamera inn i butikken og vil rekne ut salsprisen på dei. Utgangspunktet er desse opplysningane:

  • Varepartiet består av 12 kamera. Pakksetelen viser at kvart kamera har ein innkjøpspris på 960 kroner.
  • Det kosta 600 kroner i frakt for kameraa.
  • Elektronikkjeda set dei indirekte kostnadene for vara til 60 prosent av inntakskost.
  • Elektronikkjeda tek ei forteneste på 30 prosent, som blir rekna av sjølvkost.
  • Meirverdiavgifta på kamera er på 25 prosent.

Opprett eit rekneark

Bruk rekneark og lag eit inndataområde med opplysningane ovanfor.

Løysingsforslag
Rekneark med inndataområde med innkjøpspris på 960 kroner, andre direkte kostnader på 50 kroner, indirekte kostnader på 60 prosent, forteneste på 30 prosent og meirverdiavgift på 25 prosent. Tala ligg i kolonne B. I tillegg er formelvising av reknearket plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Merk at vi i celle B3 har rekna ut fraktkostnaden per eining (per kamera) direkte.

Rekn ut salsprisen

Lag eit reknearkoppsett som passar til sjølvkostkalkylen, og bruk det til å rekne ut kva salsprisen for eit kamera skal vere.

Løysingsforslag
Rekneark med inndata-område med innkjøpspris på 960 kroner, andre direkte kostnader på 50 kroner, indirekte kostnader på 60 prosent, forteneste på 30 prosent og meirverdiavgift på 25 prosent. Ut frå dette er innkjøpspris, inntakskost, indirekte kostnader, sjølvkost, forteneste, salspris utan meirverdiavgift, meirverdiavgift og salspris med meirverdiavgift rekna ut. Tala ligg i kolonne B. I tillegg er formelvising av reknearket plassert til høgre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Salsprisen for kameraet blir 2 626 kroner.

Her kan det vere aktuelt for Anne å vurdere å setje prisen til 2 599 kroner av "prispsykologiske" årsaker, for 2 599 kroner høyrest ein del lågare ut enn 2 626 kroner.

Filer

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal, Kyrre Romuld og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 29.07.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod